fredag 25. april 2008

Legevaktsamarbeid i Nordfjord

Under overskrifta "Full semje om legevaktsamarbeid" melder avisa Fjordingen:

"Helse- og sosialutvalet i Stryn gjekk samrøystes inn for å gjenreise Nordfjord legevakt frå 1. september 2008. Det er eit vilkår at Eid, Hornindal og Vågsøy gjer tilsvarande vedtak.

Legevakta vert lokalisert til Nordfjord sjukehus med opningstid frå klokka 22 til 08 på kvardagar inkludert fredag kveld, samt 24 timar bemanning på alle laurdag, søn- og helgedagar.

- Den store endringa frå sist vi hadde felles legevakt, er at det no blir lokal vakt i Stryn og dei andre samarbeidskommunane fram til klokka 22 på yrkedagar, seier helse- og sosialsjef Berit Wetlesen til Fjordingen.

Vaktsamarbeidet gjev Stryn kommune ei meirutgift på ca 300.000 kroner per år.

- Den økonomiske sida vil betre seg til fleire kommunar som blir med og deler på kostnadane, understrekar Wetlesen. Etter det Fjordingen kjenner til, vil vertskommunen Eid, Hornindal og Vågsøy vere med frå dag ein. Selje har gjeve signal om at dei vurderer medlemskap, medan Gloppen seier bastant nei til deltaking i Nordfjord legevakt.

Legevaktsentralen vert plassert same lokalet som sist, men med betre skjerming av ventesone og behandlingsrom. Avtalen med Helse Førde betyr også at ambulansetilsette går inn som hjelpepersonale. Lege Anne Stubdal leiar arbeidet med å få på plass system og prosedyrar
."

• Les saka i Fjordingen på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar