fredag 25. april 2008

Klage på Lærdal sjukehus: Fekk ikkje svar på kreftmistanke

Kvinna i 50-åra har venta forgjeves på prøvesvar etter at legar oppdaga to kular i skjoldbruskkjertelen.
Helsetilsynet rettar skarp kritikk mot Helse Førde for rot og sommel i behandlinga ein kvinneleg pasient.


Legane fann to kular i skjoldbrukskjertelen til kvinna i 50-åra, noko som kan vere eit teikn på kreft. I staden for å få skikkeleg svar på undersøkingane, blei pasienten ein kasteball mellom sjukehusavdelingane.

Oppdaga to kular
I oktober i fjor oppsøkte ho dokter på grunn av pusteproblem. Legane ved Lærdal sjukehus oppdaga to kular i, ein hormonkjertel som ligg på halsen. Sjølv om det er lite truleg at kvinna har kreft, kan det vere vanskeleg utelukke ein slik diagnose før kulane er skikkeleg undersøkte.

Røntgenlegar tok i november og februar celleprøvar av vevet frå kulane. Begge gongene har kvinna måtta purra mange gonger utan å få svar på desse prøvane, som i tillegg viste seg å vere mislukka. Kvinna veit difor ikkje om kulane i skjoldbruskkjertelen er godarta eller vondarta.

Uvissa har gått sterkt inn på henne, fortel pasientombod Ove Mjåtveit.

- Frustrasjon er eit dekkande ord. Ein vert redd, bekymra og sint når ein ikkje får bekrefta eller avkrefta kva det er. No har ho bytta sjukehus og er i ein annan helseregion for å få oppfølgjing der, seier Mjåtveit.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke på overskrifta her

Slik behandling skal ein ikkje utsetjast for, uansett om ein er pasient på eit stort eller lite sjukehus! Det er viktig at pasientar seier i frå når dei, som denne kvinna, opplever å få utilfredsstillande behandling - for då kan sjukehusa bli betre. I følgje NRK har kvinna blitt kasteball mellom ulike sjukehusavdelingar. Fagdirektøren i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk seier til NRK at ein vil prøve å få til eit betre system på sjukehusa i fylket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar