mandag 7. juni 2010

Arroganse følgjer makt


KRONIKK AV PROFESSORANE AUDUN OFFERDAL OG ALF-INGE JANSEN, I AFTENPOSTEN 7. JUNI 2010

Aftenposten er overberande og arrogant andsynes dei erfaringar og oppfatningar som folk utover i landet har.

Norsk politikk har hatt preg av konflikt mellom sentrum og periferi. Dei siste åra har denne konflikten blitt meir synleg når offentleg politikk er blitt utforma og gjennomført. I dag er sentrum først og fremst representert ved elitegrupperingar i Oslo som styrer bank- og finanssentra, store næringsorganisasjonar og dominerande ideologiprodusentar som reklame- og rådgjevingsbyråa og i særklasse dei store mediebedriftene. Desse små, men ressurssterke grupperingane får ofte igjennom sitt syn i dei sentrale politiske og administrative miljøa i Oslo som dei er samanvevde med. På viktige politiske felt representerer desse elitegrupperingane eit syn som ligg på sida av og står i motsetning til erfaringar og oppfatningar folk flest har. Ei viktig rolle har dei som styrer store Oslo-aviser, særleg Aftenposten og VG. Dei har makt, og dei brukar den.

Lokalisering av sjukehus
Her tek vi striden om lokalisering og organisering av sjukehusa som eksempel. Den nådde 7. april atter fram til dei store Oslo-avisene, i toppoppslag. VG hadde då heilsides oppslag om at kommunalminister Navarsete (Sp) bad helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) om å frysa alle prosessar i helseforetaka som tek sikte på å leggja ned sykehus. I artikkelen «Helsenostalgi» skriv Dagens Næringsliv: «Sp stiller opp som heiagjeng for enhver sykehusaksjon. I Sp-politikernes hode er ’lokalt = bra’. Det spiller liten rolle for partiet om den faglige vurderingen er en annen.»

Byggja ned
Strøm-Erichsen vart møtt av over 8000 menneske då ho kom til Kristiansund etter at Helse Nordmøre og Romsdal hadde vedteke å byggja ned sjukehuset i byen. VG skriv på leiarplass 7. april: «Forslag om nedbygging av sykehus fører alltid til protester. Mer avansert teknologi, fordelt på færre sykehus bidrar til sentralisering. Styrking av fagmiljøer, med mer spesialisering, betyr også færre, men bedre fagmiljøer. Dette kommer pasientene til gode.»
Viktigast er Aftenposten. Leiararen 7. april, «Fakkeltogene styrer», gjeld møtet i Kristiansund: «Vi har stor forståelse for at lokalbefolkning, sykehusansatte og lokalpolitikere ønsker å bevare sykehuset sitt slik det alltid har vært. Men dagens sykehusstruktur er bygget for en annen tid. Med dagens veinett, fly og helikoptermuligheter over hele landet, må det vurderes om det er nødvendig og forsvarlig med fødeavdelinger, andre akuttfunksjoner og lokalsykehus like tett som i dag. Svaret er gitt, ikke bare ut fra en avstandsvurdering. Det krever imidlertid ekspertise innenfor en rekke fagfelt. Sykehus-Norge har ikke råd til og personell nok til at slik ekspertise kan finnes ved alle landets sykehus.» Engasjementet i Kristiansund viser «hvor sterke følelsene rundt lokalsykehusene er. Da er det nærliggende å spørre om følelsene overtar for fornuften.»

Konflikten i Regjeringen
Den 9. april kommenterer Håvard Narum i Aftenposten sjukehussakene og konflikten i Regjeringen. Forholdet mellom Sp og SV vert omtalt som «Alliansen mellom småsøstrene i Regjeringen». Han skriv: «Det rødgrønne samarbeidet er fortsatt så viktig også for statsministeren at han neppe er villig til å trumfe gjennom politiske løsninger der Ap er dømt til å tape uansett. Da er det bedre å håpe på at de saklige argumentene vil hjelpe over tid.»
I same avis 14. april over fem spalter: «Vil endevende fødetilbudet». Dette gjeld den nye rapporten frå Helsedirektoratet om framtidig organisering av fødetilbodet der nye krav til kvalitet vert lanserte. I Aftenposten sin tosiders reportasje dagen etter: «Nå stiller flere spørsmål ved om den samme lokalbefolkningen er like begeistret for sitt lokale tilbud når det gjelder å faktisk ta det i bruk.» Det blir vist til ein rapport frå revisjonsfirmaet PWC. Avisa drøftar den ikkje, og viser heller ikkje til data eller synspunkt frå andre rapportar. Avisa intervjuar ingen som vil halde oppe føde- og akuttberedskapen på lokalsjukehusa, men ein avdelingsoverlege som har «vært sentral i arbeidet med forslag til nye kvalitetskriterier for fødeinstitusjoner som Helsedirektoratet la frem i går».

Eit karakteristisk trekk
Vi gjer ikkje krav på at ovanståande er dekkande for heile Aftenposten sin presentasjon av striden om lokalsjukehusa i tida 7. – 15. april. Men denne framstillinga viser eit karakteristisk trekk ved Aftenposten sine reportasjar, kommentarer og leiarartiklar i denne striden: Når folk brukar sin demokratiske rett til å kjempe for sine interesser, blir oppslaget at dei går i fakkeltog for ein sjukehusstruktur som tilhøyrer fortida, og som landet ikkje har råd til.
Det er talspersonar for sentralisering som vert intervjua. PWC-rapporten blir presentert uprøvd. Det blir ikkje referert til andre rapportar. Sp og SV som vil oppretthalde lokalsjukehusa blir karakterisert som «småsøstre», og i forhold til dei er det aktuelle alternativet for Ap og Stoltenberg å håpe på at «de saklige argumenter vil hjelpe over tid.» Når folk kjempar for sitt lokale sjukehus, impliserer Aftenposten at «følelsene overtar for fornuften.» Fornufta sit i Oslo, og blir forvalta av folk som bur maksimalt ein halv time med bil til Oslo universitetssykehus.

Arrogant
Aftenposten er overberande og arrogant andsynes dei erfaringar og oppfatningar som folk utover i landet har. Folk går i fakkeltog og folkemøte fordi det er slik dei kan gjera si uro og sine interesser kjende, og såpass klart at jamvel dei Oslo-dominerte politiske partia skjønar det. Sjølvsagt handlar det om både «følelser» og fornuft. Folk handlar rasjonelt når dei handlar på den måten som dei opplever må til for å bli tatt på alvor av partia dei har røysta på. Dei handlar i samsvar med demokratiet sin kjerne – at dei som blir styrde har makt over dei som styrer.

Ikkje latt seg informere
Men er Aftenposten rasjonell? Fremjer avisa rasjonelle svar på korleis sjukehusa bør organiserast. «Svaret er gitt», skriv Aftenposten på sitt spørsmål om det er nødvendig og forsvarleg med fødeavdelingar, andre akuttfunksjonar og lokalsjukehus «like tett som i dag.» Avisa ser vekk frå at det er ulike syn innan legeprofesjonen. Avisa har ikkje late seg informere av det langt meir nyanserte synet på sjukehusorganisasjonen som ein finn i Legeforeningen sin rapport, der ein hovedkonklusjon er: «Lokalsykehusfunksjonen må styrkes ved alle sykehus.» Avisa er også upåverka av eit funn hos helseøkonomar: Storleik er ikkje noko klart vilkår for god sjukehusøkonomi.

Manglande vilje
Det at Aftenposten her ikkje byggjer sine standpunkt på eksisterande kunnskap er ikkje nødvendigvis typisk for sentrum sine standpunkt. Det er heller slik at med makt følgjer ofte arroganse, og med arroganse følgjer gjerne manglande vilje til kunnskap.
Fornufta sit i Oslo, og blir forvalta av folk som bur maksimalt ein halv time med bil til Oslo universitetssykehus.

• Klikk her eller på overskrifta for å lesa kronikken i Aftenposten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar