mandag 14. juni 2010

Helse Førde: Samlar ortopedien


HELSE FØRDE - Vi ynskjer å samle all ortopedi i Førde, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Han la måndag fram sitt forslag til målbilete og modell for den somatiske spesialisthelsetenesta mot 2020.

Overkapasitet
Styret har tidlegare peika på ein overkapasitet innan fagområdet ortopedi og bedt om at det vert arbeidd med å redusere kapasiteten og kostnadane. På bakgrunn av dette har administrasjonen utgreidd korleis Helse Førde kan nå målet om å samle all ortopedisk kirurgi ved Førde sentralsjukehus. Arbeidet med å samle ortopedisk kirurgi, samtidig som tilbodet ved Lærdal sjukehus vert vidareført i ein overgangsperiode, vert starta så snart som råd.

- Når ortopedi er lagt til Førde sentralsjukehus er all døgnkirurgisk aktivitet i Helse Førde samla på ein stad. Dette gir oss høve til å sikre robuste og stabile fagmiljø og medfører også betre utnytting av vaktordningar og betre ivaretaking av arbeidsmiljøet for dei tilsette. Denne strukturendringa, saman med moderne medisin, nye operasjonsmetodar og ny anestesi, gjer det mogeleg å auke dagkirurgi og samedagskirurgi. Dette vil vere eit framtidsretta og fagleg godt tilbod til pasientane i fylket, seier Jon Bolstad.

Overgangsordning i Lærdal
Men de legg opp til å leggje ned tilbodet i Eid, men vidareføre det i Lærdal. Kvifor?
- Det er kjent at vi har for høg kapasitet på ortopedi i Sogn og Fjordane. Etter ei heilskapleg vurdering finn vi det rett å vidareføre ortopedien i Lærdal i ein overgangsperiode, seier Bolstad.

Kor tid vil de avvikle aktiviteten i Eid?
- Vi legg opp til at dette skal følgjast opp så snart som råd. Men noko sluttdato for ortopedien på Eid kan vi ikkje gje eksakt.

• Les saka på Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar