torsdag 24. juni 2010

Brev frå Nordfjordrådet til helseministeren: Kan ikkje akseptere ei rasering av Nordfjord sjukehus

Statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen,
Einar Gerhardsens plass 3,
Pb 8011 DEP,
0030 Oslo

STRATEGIPROSESSEN I HELSE-FØRDE MÅ STOPPAST!

Nordfjordrådet, som består av kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal, viser til framlegg til målbilete og modell for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Førde mot 2020 (Styresak 037/10V), og reagerer sterkt på dei framlegga som ligg føre til styremøtet i Helse Førde den 18.06.10.

Nordfjordrådet kan ikkje akseptere ei rasering av Nordfjord sjukehus, og at Helse Førde neglisjerer politiske styringsdokument når det gjeld sjukehusstrukturar og -modellar.

Framlegget frå Helse-Førde er i realiteten modell 1 i ny innpakning, der ein gjer om lokalsjukehusa til distriktsmedisinske sentre, som er klart motstridane til statsråden si klare presisering i stortinget både i forhold til regjeringa sin helsepolitikk og distriktsmedisinske sentre.

Nordfjordrådet meiner at framlegga frå administrasjonen til ”Målbilete og modell for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Førde HF mot 2020”, er klare brot på regjeringa sine lovnader og intensjonar om likeverdige spesialisthelsetenester. I realiteten tek ikkje administrasjonen i Helse Førde ovannemnde styringssignal på alvor. Sogn og Fjordane har ein langt meir spreidd busetnad enn mange andre fylke, og nettopp difor er det naudsynt med ein sterkare desentralisert modell for spesialisthelsetenesta i fylket. Regjeringa har gått til val på desentraliserte sjukehustenester.

Modell 1, som administrasjonen og styret i Helse Førde bestemte seg for før ”høyringsrunden”, er ikkje ein spesialisthelsetenestemodell som gjev trygge og likeverdige helseteneste for Nordfjordregionen. Folk i Nordfjord har behov for ei meir stabil spesialisthelseteneste i distriktet enn det eit lokalmedisinsk senter med polikliniske tenester kan gi. For folket i Nordfjord vil det difor bli heilt naturleg å velje anna tilknyting og orientere seg mot andre helseføretak, om modell 1 vert innført. Eit slikt scenario tek ikkje Helse Førde omsyn til i si risikovurdering. Føretaket legg tvert om opp til ei omfattande oppdimensjonering av FSS. Det ser ut til at føretaket tek for gitt at Nordfjordregionen automatisk vil følgje det ”målbiletet” som er føreslege i saksframlegget.

Dette viser heilt klart at det er behov for ei mykje sterkare heilskapleg styring av spesialisthelsetenestetilbodet i heile landet, tufta på geografi og innbyggjarane sine behov. Skeivfordeling av løyvingar til helseføretaka, ”kalkulatormetoden” og sentraliseringsinteresser må ikkje få rasere den viktige tryggleiksbasen for liv og helse i Nordfjordregionen som Nordfjord Sjukehus er.
Om framlegget til modell vert vedteke og gjennomført, vert situasjonen dramatisk for Nordfjordregionen. Først og fremst for pasientane, men også når det gjeld arbeidsplassar og fagmiljø. Det er svært verdifullt for eit samfunn å kunne tilby eit kompetansekrevjande arbeidsmiljø.

Nordfjord treng eit lokalsjukehus, og Nordfjordrådet krev at Nordfjord Sjukehus vert oppretthalde med dei funksjonane som sjukehuset har i dag.

Nordfjordrådet meinar heilt klart at det er manglar ved informasjon, utgreiingar og vurderingar i saksframlegget om målbilete og modell.

Nordfjordrådet ber derfor statsråden stoppe strategiarbeidet og syte for at det vert sett i verk nødvendige konsekvensutgreiingar.

Nordfjordrådet krev at regjeringa sine lovnader til innbyggjarane i Sogn og Fjordane vert følgde opp med midlar og handling før helsetilbodet i Sogn og Fjordane vert rasert.

Nordfjordrådet ber om eit møte med statsråden så snart som mogleg, for å drøfte den alvorlege situasjonen som framlegget til Strategi 2010-2020 har ført til for folket i Nordfjord.


Med helsing

Gunn Helgesen
Leiar i Nordfjordrådet

• Teksten over er frå sjølve brevet. Saka er m.a. omtalt i Firda under overskrifta "– Aksepterer ikkje rasering av sjukehuset". Klikk her eller på overskrifta for å lese saka i Firda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar