mandag 14. juni 2010

Bolstad vil ha slutt på fødetilbodet i Lærdal


Får administrasjonen gjennomslag for sitt syn vert fødetilbodet ved Lærdal sjukehus lagt ned.

- Uforståeleg, meiner Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus. Ho set si lit til at styret i helseføretaket tek omsyn til politiske signal og ein sterk folkevilje.


Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad la måndag fram si tilråding til strategiplan - målbilete og modell for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Førde mot 2020. Får han gjenomslag er det over og ut for fødetilbodet ved Lærdal sjukehus. Bente Øien Hauge er overraska over Bolstad sitt utspel.

- Ja i høve det sterke engasjementet på folkemøte i Årdal, både frå Hydro og folk flest er eg det. Bolstad sitt framlegg går klart mot ein svært sterk opinion, seier Øien Hauge. Og legg til at ho set si lit til styret si behandling av strategiplan fredag 18. juni.

- Styret må ta omsyn til politiske signal og folkeviljen. Det er ufatteleg å sjå føre seg at det ikkje skal vere eit lokalt fødetilbod i Indre Sogn, seier sjukehusforkjemparen. Ho er samd med at helseføretaket treng meir pengar, men er klar på at kva dette må nyttast til.
- Til å oppretthalde eit desentralisert sjukehusstruktur, ikkje til ombygging av sentralsjukehuset i Førde, sier Bente Øien Hauge.

Store økonomiske utfordringar
- Føretaket har over lang tid hatt store økonomiske utfordringar, og Helse Førde HF har ikkje nok midlar til vedlikehald og investeringar i medisinsk teknisk utstyr eller bygningar. Samtidig har føretaket utfordringar med å skape robuste fagmiljø og sikre rekruttering og stabilisering av nøkkelpersonell,. skriv Bolstad

I dokumenta frå administrasjonen går det fram at dei vil leggje ned den forsterka fødestova i Lærdal med ein gong, når ein legg opp til kun dagbehandling og poliklinikktilbod med ambulerande personell frå Førde sentralsjukehus, vil det for alltid vere slutt på fødetilbodet i Lærdal.

I Nordfjord vil leiinga også leggje ned fødetilbodet, men her skal det drivast som ei jordmorstyrt fødestove i ein overgangsfase.

Ortopedi - i alle fall førebels

Når det gjeld ortopedi vil administrasjonen leggje ned tilbodet ved sjukehuset på Eid, og i ein overgangsfase flytte dette til Lærdal.

Samla reknar leiinga med at desse tiltaka vil gje eit årleg overskot på kring 42 millionar kroner.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar