mandag 21. juni 2010
SV vil avvikle helseføretaka
NRK SOGN OG FJORDANE - Føretaksmodellen fungerer ikkje, og styremøtet fredag er eit bevis på det, seier fylkesleiar Heidi-Kathrin Osland i SV.
- Udemokratisk
Fredag bestemte styret i Helse Førde å avvikle fødetilbodet -og ortopeditilbodet i Eid og Lærdal innan 2012, dersom dei ikkje får tilført minst 50 millionar kroner i ekstramidlar.
Og nedleggingsvedtaket kjem sjølv om mange har protestert, og regjeringa har lova at ingen lokalsjukehus skal leggast ned.
- Med det siste vedtaket kan styret i Helse Førde i praksis legge seg sjølv ned. Dette viser at føretaksmodellen er totalt ueigna til å styre ei velferdsteneste som helse på ein fornuftig måte, seier Osland.
Vil tilbake til politisk styring
Då staten overtok sjukehusa frå fylkeskommunane i 2001, vart sjukehusa organisert i regionale helseføretak med eigne styrer. SV har vore mot den nye føretaksmodellen heile vegen. Osland meiner det er feil å late pengane rå, i staden for at helsetilbodet står i sentrum.
- Politikarane må ta tilbake styringa. Andre land har reversert sine prosessar med hell, som til dømes i Skottland. Der har dei gått tilbake til politisk styring. Eg trur det passar våre forhold betre, seier Osland.
• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar