mandag 14. juni 2010

Helse Førde: Må ha pengar frå eigarane


NRK SOGN OG FJORDANE Helse Førde treng 48 millionar kroner ekstra for å halde hjula i gang - sjølv om ein legg ned føden i Lærdal og ortopedien på Nordfjordeid snarast råd.

Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde vil helst gå for det mest radikale forslaget til omorganisering i Helse Førde, men ser i overskueleg framtid seg nøydd til å nøye seg med ei mindre omstilling.

Det er essensen i administrasjonen si innstilling til ny strategiplan som vart lagt fram måndag morgon. Fredag skal styret vedta den endelege planen.

Kutt eller underskot
Den mildare forma for omstilling inneber at den forsterka fødestova i Lærdal blir avvikla, og at ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus forsinn. Viss ikkje må Helse Førde sine eigarar, altså Helse Vest og Staten ved Helse- og omsorgsministeren gi slepp på bindingane om at Helse Førde skal spare 150 millionar kroner.

Legg ned føden fortast råd
– Ein har nasjonalt sagt at den fødemodellen ein har i Lærdal, den ønskjer ein ikkje å ha. Då er valet anten å lage ein fødeavdeling eller å leggje ned. Då vel eg den siste, fordi det finst ikkje ein stamme med jordmødrer der, og vi har heller ikkje gynekologdekning som vil kunne klare ein turnus som vil kunne drive ei slik avdeling med så få pasientar, seier Bolstad til NRK Sogn og Fjordane.

Lærdal skal derimot få ha ortopeditilbodet i overskueleg framtid, i motsetnad til Nordfjord. Der vil føden få halde fram i ein overgansfase, mens ortopedien fell bort.

Nordfjord misser ortopedien
– Den ønskjer vi å leggje ned så raskt som mogleg. Men vi må bruke nokre månader på planlegging og få på plass endringar andre stader i fylket. Det er ei heilskapsvurdering som legg til grunn. Viss ein skal redusere kapasiteten, så må ein ta ein plass. Ein kunne ha drive loddtrekning, men vi har gjort ei heilskapsvurdering og komme fram til at vi held fram med Lærdal. Der ligg det også godt til rette for å ha ein del rehabiliteringstenester, og Nordfjordeid er dyrare å drive, seier Bolstad.

Uvisst kor lenge Nordfjord-føden får leve
Når det gjeld fødeavdelinga på Nordfjordeid, torer ikkje Bolstad spå noko levetid, om det blir tre eller ti år fram i tid. Han viser til at det skal lagast ein regionalplan for fødetilbod, og ønskjer også å sjå kva som skjer i nabofylket.

– Eg ser at det er ein realistisk modell å leggje ned, men den er ikkje realistisk og god i dag. Eg veit ikkje om det er om fem eller ti år ein bør endre dette. Det kan ha skjedd mykje innan så lang tid, som gjer at ein må tenkje på nytt seinare.

Omstillingsperiode
Bolstad legg ikkje skjul på at han gjerne skulle ha gjort større endringar for å få bukt med den skakkøyrde økonomien i helseføretaket. Men utan pengar til omstilling, og utan at nye reformer og nasjonale føringar er på plass, vert det umogleg å gjennomføre den såkalla modell 1 - som vil fjerne føde og ortopedi ved både Lærdal og Nordfjord sjukehus. Det er likevel denne modellen Bolstad ser føre seg på sikt.

Dei nærmaste åra blir løysinga å drive etter ein såkalla modell 2 i ein overgangsfase på nokre år. Men heller ikkje her har Helse Førde nok pengar.

Manglar millionar - uansett
– Vi klarer ikkje å gjennomføre eit radikalt målbilete utan å gå via nokre prosessar. Problemet med modell 2 er at vi treng pengar til den. Mi oppmoding er at styret går til eigar og seier at vi treng ekstramidlar i nokre år for å få til ei fornuftig og god omstilling i Sogn og Fjordane.

– Kva kostar det å ikkje få gjort modell 1 med ein gong?
– Det førebelse reknestykket viser at det vil koste oss 48 millionar kroner. Og det er desse 48 millionane vi manglar.

– Du ber om ekstra pengar. Viss ikkje kva då?
– Det betyr at vi får ein veldig krevjande situasjon. Det å omstille krev også å bruke midlar for å investere i til dømes operasjonsareal, gjere tilpassing på sengepostar osb. Og dette er også pengar vi ikkje har. Vi er inne i ein veldig vond sirkel, og den må vi bryte. Vi er avhengige av bistand frå eigar, slik eg ser det, seier Bolstad.

Akutt i Førde - stabilisering lokalt
Når det gjeld akuttilbodet ved lokalsjukehusa, seier Helse Førde-direktøren følgjande:

– Det er ikkje realistisk å tenkje seg eit fullverdig akutt indremedisinsk tilbod på lokalsjukehus, fordi det krev så mykje breiddespesialitetar og infrastruktur for å klare å halde det oppe. Men eg ønskjer å ha sengepostar der, men det må vere meir fagleg avklara enn det som kanskje er tilbodet i dag. Eg trur det er riktig fordi ein har pasientar som er i gråsona mellom kommunane og spesialisthelsetenseta. Det er viktig å ha eit tilbod til desse.

– Kva akuttilbod blir det så att i Eid og Lærdal?
– Dei mest akutte tilfella, meiner eg høyrer heime i Førde. Det fullverdige akuttilbodet når det gjeld traumer, er i dag i Førde. Det meiner eg også bør gjelde indremedisin. Men høve til stabilisering vil ein ha ved lokalsjukehusa. Men ein har ikkje eit akuttilbod med full infrastruktur. Det har vi ikkje kapasitet til.

– Men er ikkje dette i strid med signala frå helseministeren?
– Helseministeren eller andre har ikkje definert på stillingsstorleik kva som skal vere på dei ulike institusjonane. For oss handlar det om at vi må lage eit heilskapleg tilbod som vi også kan forsvare fagleg. Det er det eg legg opp til.

Kuttar ved sentralsjukehuset
Også ved Førde sentralsjukehus ventar nye hestekurar etter at det dei siste åra er kutta minst 70 senger ved nedlegging og samanslåing av ulike avdelingar.

– Sentralsjukehuset står overfor ei stor omstilling i høve til at vi må ta ned kostander også her. I modellen så skal 20 prosent takast ut her. Ved sentralsjukehuset har vi halde på i fleire år med å leggje ned og slå saman avdelingar. Men vi er i desse dagar i gang med å sjå på justeringar på talet på senger på sentralsjukehuset. Men vi har ikkje fleire postar å ta no, seier Bolstad.

I førre veke vart det kjent at Medisinsk klinikk truleg kuttar sju senger og sju stillingar ved sentralsjukehuset.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar