mandag 14. juni 2010

Bolstad: Ynskjer mellombels sengepost


HELSE FØRDE Administrerande direktør Jon Bolstad ynskjer ein sengepost på kvart lokalsjukehus, som blir driven av Helse Førde i ein overgangsperiode. Det kjem fram i forslaget til framtidig organisasjonsmodell.

Samarbeid
- Intensjonane om at pasientane skal få meir og mest mogleg av si behandling nærmare heimen og i kommunehelsetenesta er det ikkje usemje om. Det er indikasjonar på at mange av pasientane i Sogn og Fjordane i dag vert behandla på for høgt nivå, og såleis også med for høg samla ressursbruk. Helse Førde må samarbeide med kommunane og begge nivåa må saman syte for at forbruket av spesialisthelsetenester kjem ned på eit objektivt behovsnivå, og at det ikkje ligg utskrivingsklare pasientar i Helse Førde sine sengepostar, seier Bolstad.

Sengepost i ein overgang
Men betyr dette at Helse Førde ynskjer å drive sengepostane sjølv om ikkje kommunane vil vere med?

- Det er mange viktige argument for å halde fram med ein sengepost ved begge lokalsjukehusa, men det må avklarast nøye kva fagleg nivå tilbodet kan vere på. Difor meiner eg at samstundes som at Helse Førde må redusere aktiviteten, bør vi også ha eit justert døgntilbod på Lærdal og Nordfjord sjukehus i ein overgansfase, seier Bolstad.

På sikt håpar han at det kan bli eit samarbeid mellom kommunane og spesialisthelsetenesta for å sikre eit døgntilbod i Lærdal og Nordfjord.

Kjøpe plassar
Det er særleg gruppa av eldre som har både mange medisinske diagnosar og funksjonssvikt, og pasientar med kroniske sjukdommar, som vil ha stor nytte av eit slikt tilbod.

- I tillegg kan det vere aktuelt for kommunane å kjøpe plassar i desse sengepostane til sine eigne pasientar innanfor enkle rehabilitering/opptrening og etterbehandling etter sjukehusopphald. Vi skal også legge til rette for at innbyggjarane i Sunnfjord og Ytre Sogn får tilsvarande tilbod, seier Bolstad.

Ikkje akuttberedskap
Administrerande direktør går inn for at Førde sentralsjukehus framleis skal vere det einaste sjukehuset i føretaket med eit fullverdig indremedisinsk akuttilbod.

- Med dei krav til infrastruktur og kompetanse som ligg føre i dag er det ikkje mogeleg å etablere og drive eit fullverdig indremedisinsk akuttilbod ved mindre sengepostar på Lærdal og Nordfjord sjukehus. Ein sengepost som fungerer godt i høve til mindre akutte og samansette medisinske tilstander, t.d. hjå eldre med fleire lidingar, vil ikkje kunne møte alle krava innanfor moderne, avansert akutt indremedisin, seier Bolstad.

Han meiner det også vil være feil å gje folk eit inntrykk av at helseføretaket har eit forsvarleg indremedisinsk akuttilbod ved Lærdal og Nordfjord sjukehus når dette fagleg sett ikkje er realistisk.

Dersom ein skal behalde same organiseringa ved Lærdal og Nordfjord sjukehus slik som vi har det i dag vil kostnadane ved dette verte så store at føretaket ikkje vil klare kravet om å kome i økonomisk balanse.

• Les heile saka på Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar