lørdag 21. juni 2008

FrP-politikar i Nordfjord: - Degradering til medisinsk senter

- Styrevedtaket om sentralisering betyr ei degradering av Nordfjord sjukehus til eit medisinsk senter. Det meiner Frp-politikar Lars-Svein Drabløs.

- Dersom ortopedisk avdeling berre skal drive med kikholskirurgi, treng dei vel ikkje anestesi. - Utan trong for narkose på ortopedien, blir det mest berre fødeavdelinga igjen som treng den funksjonen. Då vert det ikkje lenge før den også forsvinn, og avdelinga der blir omgjort til fødestove, fryktar Frp-politikar Lars Svein Drabløs.

Han oppfordrar Senterpartiet sine representantar til å ta ein prat med den nye helseministeren Bjarne Håkon Hanssen. - Dersom Sp skal ha noko som halst truverde som distriktspolitisk parti, så må dei føreta seg noko. Etter det eg forstår er vedtaket klarert med Helse Vest, og det er berre ministeren som kan gjere noko, seier Drabløs.

Han meiner at utskifting av Sylvia Brustad og innsetting av Bjarne Håkon Hanssen som helseminister skjer for å få på plass ein bulldosar som kan dryle igjennom sentraliseringa så den ikkje blir liggande som ei svepe for Ap i valkampen.

Drabløs har ikkje så mykje pent å seie om styremedlem Harry Mowatt, som han karakteriserer som ei kjeftesmelle og politisk lauskanon som har kome seg fram med kjeften og partiboka. I denne saka har han vore ein nyttig reiskap for dei som vil sentralisere.

• Les saka i Fjordabladet på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar