tirsdag 3. juni 2008

Nils R. Sandal & co: – Kven er mest verdt i helse-Norge?


– Å oppretthalde skeivfordelinga vil bli eit særdeles grovt maktovergrep mot nesten halvparten av landets befolkning og sette det norske demokratiet på alvorleg prøve.

9 fylkesordførarar og fylkesrådsleiarar frå Nord-, Midt- og Vest-Noreg har gått saman om ein kronikk med krav om å rette opp skeivfordelinga til helseforetaka. Mellom dei er fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal (Sp). Kronikken er attgjeve i Fjordabladet på nett:

"Då staten overtok ansvaret for sjukehusa for seks år sidan blei det varsla ein grundig gjennomgang av finansieringsordninga. Eit utval leia av professor Terje P. Hagen ved Senter for helseadministrasjon ved Universitetet i Oslo blei sett ned.
Hagen-utvalet konkluderte med at det burde innførast kostnadsnøklar knytt til befolkningstal, alderssamansetning og liknande. Desse kostnadsnøklane tilsa at Helse Vest og Helse Midt-Norge var underfinansiert i forhold til dei andre helseregionane.

Hagen-utvalet sine konklusjonar fanga ikkje opp Nord-Norge sin spesielle situasjon, noko som førte til at berre deler av skeivfordelinga blei retta opp for Vestlandet og Midt-Norge for å skjerme Nord-Norge. Austlandet slapp unna, til sterke protester frå politikarar i Midt-Norge og på Vestlandet.

Regjeringa valde derfor for to år sidan å sette ned eit nytt utval, leia av professor Jon Magnussen ved NTNU, for å avklare om det fantes ei vedvarande økonomisk skeivfordeling innan helse-Norge. Utvalet har bestått av representantar frå heile landet og alle helseregionane, blant dei landets fremste ekspertar på helseøkonomi.

Oppgåva var å lage eit forslag til modell for fordeling av basisløyvingane - det vil seie den delen av inntektene som ikkje er direkte knytt opp mot aktivitet - mellom dei fire regionale helseføretaka. Målet er at føretaka skal settast i stand til å gje eit likeverdig tilbod til befolkninga.

I januar konkluderte Magnussen-utvalet som følgjer: Helse Sør-Øst får 781 millionar kroner for mykje i forhold til dei tre andre helseregionane, som får tilsvarande for lite.
Dersom pengane vert fordelt likt, etter utvalet sine berekningar, skal Helse Midt-Norge ha 324 millionar av desse kronene, medan Helse Vest og Helse Nord skal ha høvesvis 246 millionar kroner og 211 millionar kroner. Konklusjonen i utvalet var samrøystes, og det er verdt å merke seg at denne skeivfordelinga kjem på toppen av den delvise opprettinga som skjedde kjølvatnet av Hagen-utvalet.

781 millionar er eit stort tal. For å sette det i perspektiv: I årsverk snakkar vi om ein sum som utgjer om lag 1300 sjukepleiarar eller om lag 1000 legar.

Basisløyvingane til drift må fordelast etter mest muleg objektive og nøkterne kriterium. Ikkje minst er det viktig for å kunne oppretthalde eit godt helsetilbod i distrikta, og då utan at det blir kritikk om subsidiar på grunn av vanskeleg geografi. Det synes å vere brei politisk semje om at lokalsjukehusa skal bestå, men det kostar å drive dei.

Dersom vi ikkje har økonomisk evne til å ha eit oppegåande helsevesen med lokal forankring i distrikta, vil fleire pasientar nytte seg av ordninga med fritt sjukehusval. Det igjen vil føre til auka press på dei større sjukehusa, og ikkje minst: Mange som ønskjer behandling nær heimane vert tvinga ut på ei lengre reise, samtidig som økonomien og lokalsjukehusfunksjonane for dei som bur i byområda blir sett under press.

Om Stortinget vel å følgje Magnussen-utvalet sitt resonnement, er det neppe så enkelt som å ta 781 millionar kroner frå Helse Sør-Øst sitt budsjett og fordele pengane på dei andre regionale helseføretaka. Ein så stor inntektsreduksjon vil forsterke allereie store utfordringar innan omstilling.

Den andre mulegheita er å gå inn med friske midlar for å skjerme Helse Sør-Øst for kutt. For å få ei rettferdig fordeling då, har Professor Magnussen rekna ut at ein må auke ramma med cirka 1460 millionar kroner for å følgje kriteria for fordeling som utvalet blei einige om. Helse Sør-Øst får då behalde dei pengane som i utgangspunktet skulle ha tilfalle dei andre regionane, medan Staten tek ekstrarekninga. Fordelinga må då bli cirka 520 millionar ekstra til Helse Vest, ca 535 millionar til Helse Midt og ca 400 millionar ekstra til Helse Nord.

Om vi ikkje skal legge Magnussen-utvalet si utgreiing til grunn for korleis pengane skal fordelast mellom helseregionane: Kven skal vi då støtte oss til? Har kritikarane den nødvendige kompetansen til å stille spørsmålsteikn ved desse konklusjonane?

Magnussen-utvalet blei sett ned for å fjerne tvilen som oppsto i diskusjonen etter Hagen-utvalet. Det blir direkte uhaldbart om departementet på ny skal forsøke å rekne vekk den dokumenterte skeivfordelinga, eller sette ned eit nytt utval i håp om ein konklusjon som favoriserer Helse Sør-Øst.

Det er eit fleirtal på Stortinget busett i Helse Sør-Øst området. Enkelte stortingspolitikarar frå dette området har tatt til orde for å sementere dagens situasjon og dermed oppretthalde den urettferdige skeivfordelinga. Det vil i så fall bli eit særdeles grovt maktovergrep mot nesten halvparten av landet si befolkning, og sette det norske demokratiet på alvorleg prøve, og vi vil få en særdeles uoversiktlig parlamentarisk situasjon.

Den mest naturlege og rettferdige løysinga blir derfor å utvide rammene med cirka 1460 millionar kroner på toppen av årleg regulert vekst innan sektoren. Då skjermar ein Helse Sør-Øst for kutt, medan skeivfordelinga vert retta opp. I tillegg bør regjeringa i samband med Nasjonalrekneskapen sanere gjeld for Helse Vest, Midt og Nord, sidan desse helseregionane har tyngre gjeldsbyrde som følgje av den dokumenterte skeivfordelinga i åra sidan 2002. Då kan alle bli fornøgde.

Til slutt vil vi gi uttrykk for at vi synest det er forstemmande kor liten spalteplass og sendetid den dokumenterte skeivfordelinga får i nasjonale media, samanlikna med til dømes saka om sjukehotellet ved Rikshospitalet, som var langt mindre i både struktur og omfang. Dei nasjonale media har eit særskilt ansvar for å opptre kritisk på vegne av befolkninga også utanfor den regionen dei har sine hovudkontor.

Nils R. Sandal, fylkesordførar (Sp), Sogn og Fjordane
Tom Tvedt, fylkesordførar (Ap), Rogaland
Olav Bratland, fylkesordførar (H), Møre og Romsdal
Torill Selsvold Nyberg, fylkesordførar, (KrF) Hordaland
Tore O. Sandvik, fylkesordførar (Ap), Sør-Trøndelag
Susanne Bratli, fungerende fylkesrådsleiar (Ap), Nord-Trøndelag
Odd Eriksen, fylkesrådsleiar (Ap), Nordland
Paul Dahlø, fylkesrådsleiar (Ap), Troms
Runar Sjåstad, fylkesordførar (Ap), Finnmark"

• Les saka i Fjordabladet si nettutgåve ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar