onsdag 25. juni 2008

Tilsetterepresentant i HF-styret: Fryktar konsekvensane av vedtaket

FJORDABLADET: "Tilsetterepresentant i Helse Førde-styret, Randi Fagereng, fryktar for konsekvensane av vedtaket om Øyeblikkeleg hjelp (ØH) til ortopediske pasientar som treng narkose.

- Sentraliseringa av ØH er i strid med rådet frå ti fast tilsette overlegar ved Nordfjord sjukehus og den opphavlege ortopediplanen, som berre såg på konsekvensar for kirurgisk klinikk og ikkje heilskapen. Ein kan også stille spørsmål om vedtaket held i forhold til «Soria Moria»- erklæringa, meiner Fagereng.
Ved Nordfjord sjukehus skal ein framleis ha døgnkontinuerleg anestesi/operasjonsvakt, og ein skal ha planlagde (elektive) operasjonar som skjer i narkose. Ortopedane skal også vere tilgjengelege i forhold til elektive pasientar.

- Beredskapen er her i og med at ein har fødeavdeling. Pasientane skal inn hit for vurdering, men blir dei vurderte til å måtte ha narkose, må dei vidaresendast, sjølv om det er spesialistar i vakt ved lokalsjukehusa. Økonomisk sett vil det også vere billigare å behandle dei her, seier Fagereng, som saman med styremedlem Kjell Nygård stemde imot sentralisering av ortopediske akuttpasientar som treng narkose.

- Pasienten bør vere i fokus. Med lengre turar inn til hjelpa, kan eg ikkje sjå at det er teneleg,
- Ein del av dei ortopediske pasientane som skal i narkose, er slike som burde ha vore opererte med ein gong av medisinske årsaker. Dersom vi skal ha pasientane i fokus, vil det beste vere å operere dei her ved sjukehuset, når vi likevel har legar på vakt, seier Fagereng. Ho er oppteken av samspelet med andre avdelingar ved Nordfjord sjukehus og fryktar at vedtaket vil få konsekvensar også for desse. Ho trur at dette kan bli ein manifestasjon av kva konsekvens klinikkorganiseringa betyr for eit lokalsjukehus.

Ti overlegar ved Nordfjord sjukehus har sagt at dersom ortopedisk akuttverksemd vert flytta frå Nordfjord sjukehus, vert ikkje turnuslegetenesta fullverdig, og utan turnuslegar som går primærvakt (dag og nattvakt som er felles for alle avdelingar på sjukehuset), skriv inn og heim pasientar og gjennomfører kontrollar på poliklinikken, kan inga avdeling ved Nordfjord sjukehus fungere og heile sjukehuset kollapsar som akuttsjukehus."


• Les meir i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar