onsdag 18. juni 2008

Kommunelegar i Nordfjord protesterer mot Helse Førde: Nok er nok!

No er nok nok. Som kommunelegar i Nordfjord kan vi ikkje lenger sitja rolege og sjå på kva som kan koma til å skje med lokalsjukehusa i fylket vårt. Vi har lenge og ofte kjent oss urolege over utviklinga. Ulike vedtak i styret i Helse Førde dei siste åra har gjeve oss god grunn til det. (Fjerning av urologitilbod ved Nordfjord sjukehus, omorganisering av fødeavdeling til ei forsterka fødestove i Lærdal, samanslåingar av avd. i helgar og stenging av fødeavdelingar om sommaren og i høgtider med meir).

På siste styremøte i HF kom nyvald styremedlem Harry Mowatt med eit nytt framlegg. Om det hadde vorte gjennomført, ville sogningar og nordfjordingar ikkje lenger få heildøgnshjelp innan ortopedi frå sitt lokalsjukehus. Dette vil for folket i Sogn og Nordfjord innebera ei dramatisk endring i eit tenestetilbod som dei fram til no har kjent seg trygge på å få. Som kommunelegar i Nordfjord og talspersonar for desse innbyggjarane, kan vi berre seia at dette rett og slett er heilt uakseptabelt. Nasjonale føringar seier at lokalsjukehusa skal vera berebjelken i spesialisthelsetenesta. Det er lokalsjukehusa og dei tenestene dei kan utføra som skal sikra alle innbyggjarane i landet eit mest mogeleg likt helsetilbod.

At langt over halvparten av innbygjarane i Sogn og Fjordane no kan verta nøydde til å køyra forbi ”sjukehuset sitt” og endå 1 1/2-2 1/2 time til for å verta undersøkte i 14 av døgnet sine 24 timar på vekedagar og heile døgnet i helger og høgtider, kjem vi ikkje til å finna oss i. For nokre år sidan vart urologitilbodet fjerna frå Nordfjord sjukehus. Argumentet for å gjera dette var å spara pengar. Vi veit alle korleis det har gått. HF mista eit velfungerande tilbod, og i tillegg pådrog føretaket seg vesentleg større utgifter. La oss unngå at noko liknande no skjer med ortopedien. Det har korkje Førde Sentralsjukehus eller HF råd til.

Hadde årsaka til å leggja ned døgntilbodet innan ortopedi vore at det fagleg ikkje er forsvarleg,hadde det sjølvsagt stilt seg annleis. Det er imidlertid ei kjensgjerning at det i alle år har vore svært høg kvalitet på det arbeidet som har vore utført innan ortopedien ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid. Alle kommunelegane i fylket veit dette. At ein i periodar har streva meir med kvaliteten og produksjonen ved FSS, er like velkjent. Dette kan imidlertid ikkje forsvara at ein legg opp til å øydeleggja dei gode fagmiljøa ein har i Lærdal og på Eid. For kven trur at ein vil kunna rekruttera topp fagfolk slik ein har i dag til å gjera turnuskandidatarbeid?

Fjernar ein døgnberedskapen vil ein nok også missa turnuskandidatstillingane på ortopedisk avdeling på Eid og i Lærdal. Då må ortopedar bruka mykje tid på arbeid andre kunne ha gjort like godt,medan arbeid berre dei kan gjera, må venta. Dette er elendig ressursutnytting og dårleg økonomi. Vi vonar at dei konsekvensane som er nemnde ovanfor denne gongen kjem med i dei berekningane som Harry Mowatt har bedt om i sitt ”bestillingsverk”.

Verst råka av ei eventuell stenging av døgnberedskapen vert likevel sjøvsagt den pasient som treng ortopedisk vurdering/hjelp i den tida beredskapen er fjerna. Dei færraste av desse pasientane vil trengja operasjon som snøgghjelp, men alle treng vurdering og må difor tilvisast til ein stad dei kan få slik hjelp. Tenk deg ei 6 år gamal jente fra Selje. Klokka er 17, ein tirsdag. Ho ramlar av sykkelen og slår seg i handa. Kan det vera eit beinbrot? Klokka 1830 må ho køyra forbi ”låste dører” på Nordfjord Sjukehus. 2 timar seinare er ho framme på FSS. Så ventar undersøkingar og vurderingar før ho igjen får leggja i veg på sin 17 mil lange heimveg. Kanskje når ho heim att til kl 0100. Ville nokon frå Førde finne seg i å reise dei ca 17 mil det er til Bergen i same ærend?

Nordfjordingane er tolsame folk, men no er nok nok. Helse Førde vedtok for ca 1 år sidan ein ortopediplan som det har lukkast å oppnå semje om. Hald fast ved denne og sørg for at også sogningar og nordfjordingar i framtida kan sikrast godt kvalifisert hjelp frå lokalsjukehuset sitt innan ortopedi heile døgnet alle vekedagar. No må det skapast ro om ordningar som fungerar godt. Styret i Helse Førde har endå ei gong rota det til for seg og folket i Sogn og Fjordane når dei einstemmig etterkom Harry Mowatt sitt ynskje om å sjå kva som kunne sparast ved å stengja dørene ved Lærdal og Nordfjord Sjukehus for heilt naudsynleg helsehjelp i størstedelen av døgnet.

Kommunelegane i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn kommunar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar