onsdag 18. juni 2008

Legane ved Nordfjord sjukehus mot dei føreslegne endringane

Ti overlegar ved Nordfjord sjukehus meiner at heile sjukehuset kollapsar som akuttsjukehus dersom styret i Helse Førde vedtek tilrådinga frå administrasjonen fredag.

I eit brev til føretaksstyret hevdar dei at ein ikkje lenger kan ha turnuslegar ved sjukehuset dersom den ortopediske akuttverksemda blir flytta frå Nordfjordeid.

– Utan turnuslegar kan inga avdeling ved Nordfjord sjukehus fungere, og heile sjukehuset kollapsar som akuttsjukehus, skriv overlegane Berg, Petterson, Larsson, Muri, Santander, Gustafsson, Sennaby, Kvist, Järnbert og Kløtz.

• Les saka i Fjordabladet på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar