tirsdag 3. juni 2008

Olav Lunden ny leiar i Koordingeringsrådet


Olav Lunden vart mandag valt til ny leiar i Koordingeringsrådet, det overordna samhandlingsrådet mellom kommunane og Helse Førde. Lunden er leiar for KS i Sogn og Fjordane, og det er i eigenskap av denne rolla at han er vald som leiar. Det betyr at nestleiaren i KS, Gerd Dvergsdal, er hans vara til leiarfunksjonen. Helse Førde skal framleis ha sekretariatsfunksjonen til rådet.

Koordineringsrådet skal mellom anna:
- Vere ein arena for dialog og samhandling på overordna strategisk nivå
- Utarbeide forslag til rammeavtalar for samhandlinga
- Diskutere og gi råd om korleis samhandlinga kan sikre pasientane best mogeleg tilbod.


Kommunane og Helse Førde har også oppretta eit fagråd som skal gje fagleg støtte og råd til Koordineringsrådet.

• Henta frå Helse Førde sine nettsider, les saka ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar