tirsdag 3. juni 2008

Så er det på'an igjen … for ortopedien i Lærdal


Ordførarane i Lærdal og Eid likar svært dårleg at styremedlem i Helse Førde Harry Mowatt vil greie ut nedlegging av døgnberedskapen på ortopediklinikkane ved dei to lokalsjukehusa, fortel nettstaden Porten og held fram:

"I ei felles pressemelding frå ordførar i Lærdal Arne Sanden og ordførar på Eid, Sonja Edvardsen skriv dei følgjande;
Etter framlegg frå det nye styremedlemet Harry Mowatt, gjorde styret i Helse Førde sist veke vedtak om å greie ut nedlegging av ortopedisk døgnberedskap ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid. Framlegget frå Mowatt og vedtaket i styret kjem om lag eit år etter at Helse Førde den 1. juni 2007 sette i verk ein godt gjennomarbeidd ortopediplan. Framlegget er klart i strid med nasjonale føringar. Statsråden er tydeleg på at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned og at det skal vere tilpassa akuttberedskap ved alle lokalsjukehus.

I styremøtet 27. april 2007, der denne planen vart vedteken, konkluderte styret med følgjande:
Ortopedisk avdeling vil framstå som meir heilskapleg etter føreslegne endringar;
- nytte kompetansen på tvers av sjukehusa.
- betre prioritering/ koordinering og samordning av ressursar
- betre kvaliteten på utdanning av ulike yrkesgrupper
- deltaking i pasientbehandling og undervisning på alle tre sjukehusa vil gi ein auka fagleg breidde m.v.


I planen heiter det vidare at Helse Førde straks bør (må) arbeide vidare med akuttmedisinske team ved sjukehusa. Ein sentral fagperson i eit akkuttmedisinsk team vil vere ein anestesilege i døgnkontinuerleg vaktberedskap og faggruppa som utarbeidde ortopediplanen, føreset at slik beredskap finst både i Lærdal og på Eid. Den 9. januar 2008 inviterar Helse Førde kommunane i Nordfjord og Sogn til vidare arbeid med slike team.

Innsparingar knytt til akuttberedskapen vil i stor grad vere knytt til anestesilegen og kuttar ein denne, vil det og få følgjer for ei utviklinga av akuttmedisinske team. Etter vårt syn vil nedlegging av akuttberedskapen dermed medføre at Helse Førde sin invitasjon til utvikling av akuttmedisinske team vert eit fromt ønskje, totalt utan konkret innhald. Samstundes vil nedleggjinga sjølvsagt få følgjer for beredskapen ved fødeavdelinga på Eid og den forsterka fødestova i Lærdal.

I tillegg er det ei kjensgjerning at den beste kompetansen i ortopedi innan Helse Førde dei siste åra har vore knytt til sjukehusa på Eid og i Lærdal. Dette er og grunnlaget for dei mest sentrale delane av ortopediplanen, der legane i Lærdal og på Eid reiser til Førde for operasjonar. Det er og ei kjensgjerning at ortopediavdelingane i Lærdal og på Eid har vore svært produktive, medan ein i Førde har hatt vansker med å få til ei effektiv drift. Ein byggjer ikkje ned velfungerande faglege gode ortopeditenester ved lokalsjukehusa for å styrkje tilbodet i Førde. Det vil til sjuande og sist vere til stor skade for det samla tilbodet i heile helseføretaket.

Ut frå dei følgjene me ser av ei nedleggjing av akuttberedskapen i ortopedi ved lokalsjukehusa, vil me på det sterkaste protestere mot ei slik utvikling, då dette kan medføre ei rasering av fleire andre tilbod ved lokalsjukehusa våre. Me vil derimot oppmode styret i Helse Førde om å halde fast ved den vedtekne ortopediplanen og halde fram arbeidet med å utvikle akuttmedisinske team ved knytt til sjukehusa i fylket. Det er dessutan på tide at styret i helseforetaket gir dei tilsette ved lokalsjukehusa arbeidsro gjennom god tilrettelegging og motivering, slik at dei kan vidareutvikle det gode og viktige tenestetilbodet ved sjukehusa våre."

• Sjå saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar