onsdag 22. oktober 2008

Er Helse Vest heilt ute av kontroll ?

LEIAR I SOGN AVIS TV2 hadde sist søndag eit oppsiktsvekkjande nyheitsinnslag om tilhøva i Helse Vest. Reportasjen dokumenterte at Helse Vest, det helseføretaket som, med rette, har skrike høgst og lengst om skeivfordelinga frå Staten til helseføretaka, held attende pengar som Stortinget har løyvd til helse. Konsekvensen av dette er at sjukehus i helseføretaka som ligg under Helse Vest må betala millionar av kroner i renter i staden for på bruka pengane på pasientane sine.

Opplysningane i denne reportasjen er nesten ikkje til å tru, heller ikkje forklaringane frå landets best betalte helsedirektør, Herlof Nilssen. Ifølgje TV2 hadde dei ulike underliggjande helseføretaka i Helse Vest i fjor eit samla underskot på 337 millionar kroner. Samstundes viser det seg at Helse Vest sit att med eit overskot på 240 millionar kroner. Dersom dette enorme overskotet, som det kan verka som at Herlof Nilssen disponerer meir som han vil, hadde blitt fordelt ut over dei ulike helseføretaka, ville resultata sjølvsagt sett langt betre ut - også for Helse Førde.

TV2 sine avsløringar kjem i ein periode der det nærmast haglar med kontroversielle saker frå Nordfjord på grunn av det svært omstridde ortopedi - vedtaket, der Helse Førde av innsparingsgrunnar, må gjennomføra alle ortopediske akuttinngrep i Førde. Dette har mellom andre gått ut over ein 12 - åring og ei 84 år gamal kvinne, som begge måte venta det pårørande fann for uforsvarleg lenge sidan legane på Nordfjord sjukehus ikkje lenger har lov å operera.

Når TV2 spør Nilssen om kvifor ikkje overskotsmillionane blir brukt til å retta opp underskota hjå helseføretaka, svarar han at det ikkje har vore standard prosedyre å dela ut verken underskot eller overskot. For Helse Bergen, Helse Førde og dei andre helseføretaka medførar dette at dei må låna pengar for å betala renter i staden for å behandla pasientar. Det er altså ikkje slik i Nilssen sitt hovud at midlar til helse nødvendigvis skal brukast til helse.

Denne saka dokumenterer ein gong for alle kor gale det kan gå når blåruss blir sett til å styra midlar som skal gå til noko så avgjerande viktig som helsetenesta. Me har tidlegare peika på at tida for lengst er overmoden til å gå gjennom helsereforma, denne saka gjer ikkje eit slikt krav mindre aktuelt. Me registrerer at stortingsrepresentant Bent Høie seier til TV2 at han vi be helseministeren om å forklara kva som har skjedd i denne saka.

Korleis ein helsedirektør kan sitja på ein kvart milliard i eit helseføretak som har underliggjande føretak som må gjennomføra dei underlegaste nedskjeringar, er komplett umogeleg for oss på forstå. Me imøteser statsråden si forklaring med stor interesse, for nett no kan det virka som Helse Vest lever heilt i si eiga verd, utan tilsyn og kontroll.


• Les leiaren i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar