mandag 20. oktober 2008

Mowatt med personangrep på Ludvigsen

FJORDABLADET - Gunvald Ludvigsen lyg

- På gårsdagens nettside i Fjordabladet påstår stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen at eg skal ha komme med trugsmål mot styrekollega Randi Elise Fagereng i Helse Førde sitt telefonstyremøte den 16.10.08. Dette er blank løgn, seier Harry Mowatt.

I eit innlegg til FjordabLadet skriv Mowatt at Gunvald Ludvigsen lyg og at det som skjedde på telefonstyremøtet i Helse Førde var følgjande:
"Fagereng hadde eit innlegg som er korrekt attgjeve i nemnde oppslag, og der essensen var at ein på Eid er bekymra for ”etikken opp mot pasienten” som følgje av den endra arbeidsdelinga innan ortopedien.

I eit innlegg etterpå påpeika eg at den nye arbeidsdelinga har verka i eit par månader i Indre Sogn utan vanskar av noko slag, og
- at kommunelegane i Indre Sogn er nøgde med omlegginga
- at ortopedane ved avdelinga i Lærdal er nøgde med omlegginga
- at Fylkeslegen har vurdert vedtaket i lys av helselovgjevinga og funne det i orden.

Poenget: Har alle desse fagfolka for dårleg etisk standard? På den bakgrunn sa eg at ein bør vere varsam med å nytte argument som openberrt ikkje held. Så kvar er trugsmålet?

Resten av intervjuet er eit samanhengande personangrep som eg ikkje ser nokon grunn til å kommentere, bort sett frå at det til fulle dokumenterer at Ludvigsen er like malplassert der han er no som der han var før."

• Les saka på Fjordabladet sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar