torsdag 9. oktober 2008

Psykiatri: Vil leggja ned Tronvik og byggja nytt i Førde


FJORDABLADET Ei prosjektgruppe i Helse Førde føreslår å samlokalisere psykiatrien i Sunnfjord og ytre Sogn. Framlegget vil blant anna bety at tilboda ved Tronvik blir flytta til Førde.

- Det har vore stor semje i gruppa om at forslaget vil styrke det faglege tilbodet til pasientane våre, seier Trond Aarre. I fylgje ei pressemelding frå Helse Førde skal rapporten frå arbeidsgruppa ut på ei brei høyring til brukarorganisasjonane, fagforeiningane og kommunane.
- Prosjektgruppa har etter ein gjennomgang av organiseringa av det psykiske helsevernet for vaksne i Sunnfjord og ytre Sogn kome fram til at drifta i større grad bør konsoliderast i mindre og meir effektive einingar enn i dag, seier leiar i prosjektgruppa, Trond Aarre. For å få plass til eit samla tilbod føreslår han at det vert reist eit nytt påbygg til Førde sentralsjukehus.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar