onsdag 22. oktober 2008

Helse Førde: Vil ha slutt på ortopedidebatten

På Helse Førde sine nettsider ligg følgjande uttale frå legane Michael Scavenius, avdelingssjef ortopedisk avdeling
Kristian Sørland Humborstad, seksjonsoverlege Nordfjord og Truls Jellestad, seksjonsoverlege Lærdal:
Eit samla fagmiljø i ortopedisk avdeling i Helse Førde ber no om at debatten kring ortopeditenesta i fylket vert avslutta.

Slik debatten har utvikla seg i media er den øydeleggjande for fagmiljøa ved alle tre sjukehusa i Helse Førde. Den gjer og pasientane usikre. Ortopedispesialistane presiserer at det ikkje er skilnad på det faglege nivået ved dei tre ortopediske avdelingane.

Vi er redde for at debatten, slik den har utvikla seg, skal skade samarbeidet og det ortopediske miljøet i føretaket. Det er ingen tente med – aller minst pasientane. Slik det no har utvikla seg, er debatten med på å øydeleggje det ortopediske behandlingstilbodet ved alle tre sjukehusa.

Det er i dag sendt eit brev til alle legar i ortopedisk avdeling i Helse Førde og samtlege kommunelegar i Sogn og Fjordane. Her vert det presisert at ortopedivedtaket i styresak 044/08 ligg fast og at det er fagleg forsvarleg.

Dersom særskilde medisinske eller organiastoriske grunnar tilseier det, kan inngrepet framleis skje ved lokalsjukehuset. Det er vakthavande overlege ved lokalsjukehusa som må ta stilling til dette.


• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka på Helse Førde sine sider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar