NRK SOGN OG FJORDANE Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen (V) meiner boikott av Førde sentralsjukehus vil vere svært uheldig.
- Eg meiner nordfjordingane, sogningane og sunnfjordingane må stå saman om dei sjukehusa vi har i Helse Førde, seier Ludvigsen.
- Gjer om vedtaket
Spliden mellom leiinga i Helse Førde og sjukehusaksjonistane spissar seg til. Sjukehusaksjonist Svein Hansen oppmoda nordfjordingane om å krevje behandling på sjukehuset i Volda, framfor Førde sentralsjukehus. Styreleiar Clara Øberg fryktar det vil øydeleggje for helsetenestene i fylket. Ludvigsen meiner boikott ikkje er rette vegen å gå.
- Medisinen for å unngå pasientflukt, er å lage gode nok tilbod i eige fylke. Det er det som har vore kjernen i strida i det siste når det gjeld ortopedivedtaket. Det blir oppfatta som utilfredsstillande. Difor må styret sjå på vedtaket på nytt og etter mitt syn gjerast om.
• Les heile saka ved å klikke her eller på overskrifta
onsdag 22. oktober 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar