LEDER I SOGN AVIS: At Helse Vest-direktør Herlof Nilssen tener godt, er inga stor nyheit. Det har vore kjent heilt sidan mannen vart tilsett som toppsjef for dei ulike helseføretaka på Vestlandet. Det var likevel grunn til å merka seg den oppdateringa om lønsforholda til Nilsen & Co som NRK Sogn og Fjordane hadde like før helga. Og ikkje minst styreleier i Helse Vest, høgremannen Oddvar Nilsen si utgreiing om kvifor toppsjefen er verdt kvar einaste krone.
Det er eit faktum at Herlof Nilssen tenar 1,7 millionar kroner for tida. Dette er ei god årsløn - 500.000 kroner meir enn statsministeren i Noreg gjer. Også toppane i alle dei andre helseføretaka har alltid tent mykje betre enn statsministeren. Truleg må du langt ned i direktørsjiktet i helseføretaka for å finna ein sjef som tener omtrent det same som statsministeren.
Dette lønsnivået skapar sjølvsagt reaksjonar. Aksjonsleiar i Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge tykker det er utruleg at ein helsedirektør kan tena meir enn statsministeren. Og ho peikar, heilt korrekt på at det er omlegginga til helseføretaksmodellen som er forklaringa på den enorme lønsfesten for helsetoppane. Ein lønsfest som held fram medan hjelpepleiarar og sjukepleiarar og andre med sokalla varme hender må slita livet av seg for å få meir enn 50 prosent stilling.
- Les hele lederen i Sogn Avis ved å klikke på overskriften
fredag 17. oktober 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar