tirsdag 7. oktober 2008

Gunvald Ludvigsen: Ortopedivedtaket må gjerast om


FJORDABLADET - Det er inga skam å snu. Det seier stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen frå Venstre, når ein no ser følgjene av det siste ortopedivedtaket i Helse Førde.

Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen er klinkande klar på at det siste ortopedivedtaket i Helse Førde må gjerast om. - Vedtaket er uforståeleg og bryt klart med samhandlingstanken til den nye helsestatsråden, seier Ludvigsen.
- For meg verkar dette vedtaket til å vere negativt for alle partar. Ikkje minst for Helse Førde og pasientane. Vedtaket fører til overhangande fare for pasientflukt. Vedtaket fører ikkje til eit betre fagleg tilbod. Vedtaket fører ikkje til økonomiske innsparingar. Vedtaket fører til ein grunnleggande misstillit mellom tilsette og leiing i helseføretaket, og det fører til at samhandlinga mellom første- og andrelinjetenesta vert skadelidande. Ut frå dette er vedtaket for meg utan mål og meining og uforståeleg, seier stortingsmann Gunvald Ludvigsen som meiner det berre er ein veg ut av uføret. – Vedtaket må gjerast om!

• Les resten av saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar