Neste styremøte i Helse Førde er torsdag 18. desember, i Førde. Budsjett 2009 vert ein sentral sak, og papira vert lagt ut omlag ei veke før møtet.
Blant dei sakene Forsvar Lærdal sjukehus er spesielt bekymra for, er framlegget om stenging av fødestova i Lærdal i 10 veker. I praksis må dette sjåast på som ei sabotering av det aukande fødselstalet lokalt og som del av ei sniknedlegging av fødetilbodet i Sogn.
Om me kjem til å markera dette i samband med budsjettmøtet, t.d. ved demonstrasjon, vert ikkje avgjort før me ser om stenginga ligg inne i det endelege budsjettframlegget.
• Klikk her eller på overskrifta for å sjå styresakene på Helse Førde sine sider når dei vert lagt ut.
fredag 12. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar