torsdag 18. desember 2008
Strukturendringar naudsynte for å greie innsparingane?
FIRDA Førde kommune overtek sjukehusbarnehage
Helse Førde tek sikte på å spare inn 2,6 mill kroner på å la Førde kommune overta Hatlehaugen barnehage.
Eigarskiftet er eitt av 17 innsparingstiltak og aktivitetsendringar som skal stramme inn drifta av helseføretaket med 66 mill kroner neste år.
Dei største innsparingspostane er reduksjon i avskriving (18 mill kr), lågare gjestepasientutgifter i rusbehandlinga (8,5 mill), venta aktivitetsauke (7,8 mill) og innsparing i varekostnader (5,9 mill).
Ingen av styremedlemene Firda har vore i kontakt med ønskjer å kommentere framlegget til driftsbudsjett i forkant av
dagens styremøte. Men fleire gir uttrykk for at dei føler seg usikre på realismen i fleire av tiltaka og forventingane.
Denne tvilen kom til overflata allereie under førre styremøte. Der meinte både Anni Felde, Jorunn Ringstad, Harry Mowatt, Reidun Halland og Rune Larsen at det må gjerast endringar i sjukehusstrukturen, om ein skal greie dei innsparingane Helse
Vest forlanger.
Helse Vests Helge Bryne svara då at strukturendringar ikkje kjem på tale, på grunn av føringane regjeringa har gitt, men at kravet om å få orden på økonomien er absolutt.
• Les saka i papirutgåva av Firda torsdag 18. desember
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar