torsdag 4. desember 2008

Nordfjord: - Pasienten har rett til å velje sjukehus


FJORDABLADET - Det er svært gledeleg å registrere at Hans-Johan Breidablik, fagdirektør i Helse Førde, deler sjukehusaksjonen si klare oppfatning om pasienten sin rett til å velje sjukehus. Også at ein har denne retten i øyeblikkleg hjelp-situasjonar, vel å merke etter at akuttsituasjon er avklara.

Dette seier Svein Hansen, leiar for sjukehusaksjonen for Nordfjord sjukehus. – Det som har vore viktig i situasjonar som det ein har vore oppe i den siste tida, er at ein har lokalaviser som er villige til å reise problemstillingane, seier Hansen og sender samstundes ein takk til pasientombod Ove Mjåtveit og kommunelegane i Nordfjord, for deira innsats i saka.

Ingen boikott
- Både du og sjukehusaksjonen har vorte skulda for å ville boikotte Helse Førde. Kva var eigentleg poenget med slike uttalar?
- Det er ikkje rett at eg, eller andre i sjukehusaksjonen, har brukt ordet boikott. Det vi har sagt er at dersom det oppstår ein situasjon der valet står mellom sentralsjukehuset og/eller Volda så har pasienten rett til å velje.

• Les heile saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar