fredag 12. desember 2008

Orienteringsmøte om budsjettet måndag 15. desember


HELSE FØRDE Helse Førde inviterer leiinga i kommunane og i Sogn og Fjordane fylkeskommune til orienteringsmøte om budsjettet for 2009.

Torsdag 18. desember skal styret i Helse Førde handsame budsjettframlegget frå administrasjonen i føretaket. Føretaksleiinga ynskjer å gje ei orientering til kommunane og fylkeskommunen, måndag 15. desember kl. 1400-1600. Stad blir auditoriet i 2. etasje på sentralsjukehuset.

5-årig investeringsplan og den nye samhandlings- og utviklingsavdelinga i Helse Førde, vil det også bli orientert om.

Møte er ope for pressa.

• Henta frå Helse Førde sine nettsider, les saka der ved å klikke her eller på overskrifta

Representantar frå Forsvar Lærdal sjukehus vil òg vera til stades på møtet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar