søndag 14. desember 2008

Nye angrep på fødetilbodet i Lærdal - vil ikkje bli akseptert!

Måndag 15. desember kl. 14 vert budsjettframlegget frå Helse Førde presentert, på Førde sentralsjukehus. Representantar frå kommunane, fylkeskommunen og aksjonistar vil då få orientering frå leiinga i Helse Førde (sjå Helse Førde sine sider).

Periodevis stenging av føden
Det har gått hardnakka rykte om at Helse Førde planlegg å stenga Føden i Lærdal i til saman 10 veker neste år. Dersom dette ligg inne i budsjettframlegget er det katastrofalt:
- i fyrste omfang for dei fødande som har termin når fødestova er stengt i 2009 og
- i andre omgang for heile eksistensen til fødetilbodet i Indre Sogn og
- i tredje omgang for beredskapen ved sjukehuset vårt

Vikarierande motiv
10 vekers stenging er ikkje noko anna enn ei styrt struping av ei fødestove som i 2008 faktisk vil nå 100 fødslar! Her er det temmeleg klart at føretaket må ha vikarierande motiv!

På tvers av politiske signal frå sentralt hald
Frå både denne og forrige helsestatsråd har det vore gjeve klare signal om at stenging av fødetilbod grunna økonomi ikkje vert godteke. For fødande i Indre Sogn, som har so lang veg til andre sjukehus, er ei stenging sjølvagt enno verre enn for fødande i meir sentrale strok.

Dette vil vi ikkje godta!
Vi kan ikkje godta at mødre og born sine liv vert sett i fare på denne måten! Fødestova i Lærdal med legeberedskap har redda fleire liv berre i år. Det er heilt utruleg om helseforetaket verkeleg legg opp til ei stenging!

Forsvar Lærdal sjukehus varslar både aksjonar og skarpe protestar opp til høgaste hald, dersom Helse Førde i morgen presenterer stengingsframlegg.

Frå før har lokalsamfunna som høyrer til Lærdal sjukehus vist stor vilje til å slå ring om sjukehuset når tilboda er truga. No må alle som er interesserte i framtida til lokalsjukehuset bidra!

Det kan vere aktuelt med gratis busstransport eller maxitaxi t/r Førde for dei som vil følgje diskusjonane i styret torsdag.
Er du interessert i å bli med opp for å høyre korleis styret i Helse Førde handterar denne saka, så send ein epost til
bente.oien.hauge@online.no

Det kan også vere aktuelt med demonstrasjon ved sjukehuset. Men fyrst må me høyra om dette framlegget verkeleg vert lagt fram i morgon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar