onsdag 17. desember 2008

Helse Vest kan forsvinne etter eit regjeringsskifte


FIRDA Eit sjukehusutval i KrF går inn for å avvikle dei regionale helseføretaka. KrF-fylkesleiar Trude Brosvik er open for omlegginga.
– La Helse- og omsorgsdepartementet overta regionføretaka sine oppgåver, foreslår sjukehusutvalet i tilrådinga si, som no skal drøftast i partiet før landsmøtet tek endeleg standpunkt.

Framlegget har allereie vekt jubel hos Høgre og Frp, som lenge har ivra for å få bort det regionale helsebyråkratiet.

Færre lokalføretak
KrF-utvalet vil plassere eigaransvaret direkte hos ministeren, og ikkje setje den bort til eit nytt direktorat.

Samstundes som utvalet er ute etter å styrke den nasjonale politiske styringa med sjukehusa, meiner det at grepet med å fjerne regionføretaka vil styrke dei lokale føretaka, som framleis skal stå ved lag.

Men for å få til ein effektiv dialog mellom departement og lokale helseføretak, bør talet på føretak reduserast til ein stad rundt 20, heiter det i framlegget.

Færre kommunar
Utvalet, der m.a. tidlegare statsråd Laila Dåvøy er medlem, ser vidare føre seg ei reform der kommunane overtek ansvaret for å bestille og dermed finansiere sjukehustenester med midlar dei skal få frå staten.

– Men det krevst kompetanse for å fylle denne krevjande bestillarrollen. Difor føreset reforma ein ny kommunestruktur og ein monaleg reduksjon av talet på kommunar, heiter det i framlegget partiet no blir invitert til å stille seg bak.

• Les heile saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar