tirsdag 9. desember 2008
Turnuslegane: Usikre på livredding
NRK SOGN OG FJORDANE Halvparten av dei ferdigutdanna turnuslegane er usikre på korleis dei skal utføre hjarte- og lungeredning.
På oppdrag frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fire kommunelegar i Sogndal undersøkt kva turnuslegane lærer før dei er ferdig utdanna legar.
Studiet som er utført våren 2007 og hausten 2008 viser at berre halvparten av dei spurde føler seg sikre nok til å utføre hjarte- og lungeredning sjølv.
Åleine på vakt
- Det mest overraskande er at mange ikkje får med seg akuttmedisinke ferdigheiter verken på sjukehus eller i kommunehelsetenesta. Det betyr at dei ikkje føler seg kompetente til å drive hjarte- og lungeredning på eigahand seinare, seier hovudforfatter Annelise Skeie.
Ho meiner at det er spesielt viktig at dette er kunnskap som er på plass blant legar ute i distrikta.
- I mange kommunar er ein åleine på vakt, påpeikar Skeie.
• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar