tirsdag 9. desember 2008

Overvakinga i Lærdal tema på Helse Førde sitt nettmøte


Helse Førde har starta ein ny kommunikasjonskanal, "Nettoskopet", der kven som helst kan leggja inn spørsmål til leiinga. Fyrste møtet vart gjennomført i går, og blant spørsmåla som kom opp var eitt om overvakingsavdelinga i Lærdal:

Namn: B.K.
Tittel: håpløst
Synes det blir litt håpløst at Helse Førde skal legge ned overvåkingen i Lærdal. Det blir å stille sjukehuset 10 år tilbake i tid. Har dere tenkt på det???

Hei
Overvakingsavdelinga i Lærdal var eit av mange områder som vart diskutert tidleg i budsjettprosessen i Medisinsk klinikk. Til liks med til dømes kommunane så er det eit krav at Helse Førde skal drive i balanse. Difor er det også vår plikt å ha ei løpande vurdering av alle delar av drifta vår. Eg trur det er riktig av oss å vurdere om overvakingsavdelinga i Lærdal er organisert optimalt både ressursmessig og fagleg. Vi tek difor sikte på å gjere ei slik utgreiing tidleg i 2009, som vi også kjem til å gjere når det gjeld andre postar i føretaket. Men det kjem ikkje til å ligge inn noko forslag i budsjettet om å legge den ned.

Mvh
Vidar Vie


• Les meir frå Nettoskopet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar