fredag 26. november 2010

ÅRDAL ARBEIDARPARTI: REGJERINGA SI STYRING AV SPESIALISTHELSETENESTA FRAMSTÅR SOM LITE TRUVERDIG


Fråsegn frå medlemsmøte i Årdal AP 25 november 2010.

I Soria Moria erklæringa og i ei rekkje andre dokument som har kome frå regjeringa, går det fram at:
• Dagens desentraliserte sjukehusstruktur skal leggjast til grunn for det vidare arbeidet. Dette vil sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod.
• Lokalsjukehusa skal vidareutviklast for å ha ein viktig funksjon i den heilskaplege helsetenesta også i framtida
• Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned
• Geografi og tilgjenge skal leggjast til grunn ved vurdering av behovet for tal sjukehus som har døgnkontinuerleg akuttmedisinsk beredskap

Alt dette har vorte streka under av representantar for regjeringa – seinast av helsesministeren då ho vitja Årdal tidlegare i år.

Årdal arbeidarparti har stor forståing for at veljarane ikkje ser samsvar mellom det som vert uttalt frå regjeringa og det som faktisk skjer i helseforetaka.

Gjennom fjerning av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus –slik som det no vert føreslege av administrasjonen i Helse Vest – går helseføretaket i stikk motsett retning av å sikre nærleik til fødetilbod.

Årdal arbeidarparti ottast ei utvikling der lokalsjukehus vert døypte om til lokalmedisinske senter utan akuttfunksjonar og fødetilbod. Vi ser på dette som nedlegging av lokalsjukehus.

Årdal arbeidarparti krev at regjeringa tek styring med helseforetaka og sikrar ei utvikling som er i samsvar med det som er uttalt - munnleg og skriftleg – frå regjeringa si side.

Nasjonal helse- og omsorgplan skal leggjast fram som ei eiga stortingsmelding våren 2011. I desse dagar har regjeringa lagt til rette for ei open netthøyring – ”Fremtidens helsetjeneste; trygghet for alle” - som skal danne grunnlag for stortingsmeldinga.
Årdal arbeidarparti finn det uforståeleg og meinigslaust at prosessane i helseføretaka får føregå slik som i dag, utan at omstillingane kjem som ein del av regjering og Storting si handsaming av nasjonal helse- og omsorgplan. Nedbygging av lokalsjukehusa vil ikkje gje ”trygghet for alle”.

Årdal arbeidarparti ottast at dersom ikkje regjeringa syner klår vilje til å styre helseforetaka i rett retning, vil vi oppleve ei veljarflukt ved det komande kommune- og fylkestingsvalet.

For Årdal AP
Hilmar Høl

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar