onsdag 3. november 2010

Ingrid Heggø: Øyremerkja til kvart sjukehus


SOGN AVIS Stortingsrepresentant Ingrid Heggø meiner det må øyremerkjast midlar frå Staten til kvart einskild sjukehus når det er klart kva det einskilde sjukehuset skal innehalda.

– Me får ikkje fred i Sjukehus-Noreg før me gjer grep. Eit slikt grep er at Stortinget må setja seg ned og seia kva eit lokalsjukehus skal innehalda og kva eit sentralsjukehus skal innehalda.

– Kva meiner du det skal innehalda?
– Det som står i Soria Moria, er at det skal vera nærleik til akutt og fødetenester.

Heggø seier at dei gjennom øyremerking vil få ei basisfinansiering av kvart einskild sjukehus.
– Det er ein veikskap ved modellen i dag at me manglar politisk styring og basisløyvingar til sjukehusa.

Ikkje vedteke
Heggø strekar under at det Helse Førde har vedteke når det gjeld fødetenestene i Lærdal og på Nordfjordeid, ikkje er vedteke i Helse Vest.
– Statsministeren har også sagt at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Det betyr at vedtaket til Helse Førde strir imot politiske signal frå regjeringa. Omgjering av sjukehuset til distriktsmedisinsk senter og flytting til Sogndal vil også vera heilt uaktuelt.

Heggø seier ho ser ein klar fare i at Helse Førde vil sentralisera det meste til Førde.
– Dersom det då blir slik at pasientar i Indre Sogn og Nordfjord reiser til andre regionar, er eg redd for framtida til sentralsjukehuset i fylket. Då kan pasientgrunnlaget bli rimeleg tunt.

Ho legg til at det var eit feilgrep at eksisterande fødetilbod ikkje art vurdert av faggruppa som såg på den vidare fødselsomsorga i Noreg.
– Det gjer at me ikkje får konsekvensutgreidd den biten.

Heggø meiner også at sjukehusa må behandlast som offentlege føretak når det gjeld rekneskapsføringa.
– Det betyr blant anna at avskrivingsreglane som gjev store underskot, må vekk. Me må også vekk frå at alle sender rekning til kvarandre og i staden byrjar å behandla pasientar.

Heggø seier Arbeidarpartiet drøftar dette mykje på Stortinget.
– Dette er ikkje berre tankar som eg går rundt med.

Positive
Hilmar Høl, ein ihuga Ap-talsmann for lokalsjukehuset, tykkjer det er positive signal som kjem frå den eine Ap-representanten frå fylket.
– Eg ser det som veldig viktig at me får ei evaluering av reforma før det skjer noko meir gale. Me må ha ei politisk evaluering på kva det er me driv med. Det er folk og pasientar som skal vera i fokus, ikkje økonomi og intern rekneskapsføring.

Høl legg til at dersom Heggø gjennom desse utsegna inviterer til betre politisk styring av helsepolitikken i Noreg, så vil Ap i Årdal vera blant dei første som stør opp om det.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar