mandag 1. november 2010

Møtt av demonstrantar


SOGN AVIS Jonas Gahr Støre vart møtt av sjukehusdemonstrantar då han kom til Øvre Årdal i dag

Utanriksministeren kom til Øvre Årdal etter å ha vitja Sogndal. Sjølv sa ministeren dette om å møta demonstrantane:

– Eg kunne fint ha takka nei til det. Men eg skal møta dei, for det er ein del av demokratiet. Eg skjønar veldig godt at det er engasjement rundt det sjukehuset som er nærast deg. Det er jo ikkje sikkert dei haldningane dei har er gjengs i heil fylket. Men det skulle berre mangla, når ein frå regjeringa er på besøk, at eg ikkje stoppar opp og høyrer kva dei har av spørsmål, seier Støre.

Han vart møtt med plakatar, demonstrantar og representantar for mødrer og ungdommar som gav klar beskjed om at fødetilbodet og sjukehuset ikkje må leggjast ned. Sjukehusforkjempar Bente Øien Hauge heldt ein appell til utanriksministeren utanfor Hydro.

Også ein gamal partiveteran, som i vår var ute i media og ville melda seg ut av Ap, fekk snakka på tomannshand med utanriksministeren. Harald T. Lægreid gjorde det klart at han melder seg ut dersom Lærdal sjukehus blir lagt ned.

– Det står ved lag, og det sa eg til han no og. Han sa at han håpa at det ikkje ville skje, og at han ville leggja saka fram for dei andre i regjeringa, seier Lægreid.

Bente Øien Hauge tykte det var veldig greit å få høve til å framføra bodskapen overfor Støre og tykkjer han svarte omtrent som forventa sidan han ikkje er fagstatsråd.

– Han sa at dei ikkje brukar ulne formuleringar, men der er me sjølvsagt usamde, for det gjer dei og det meiner eg er eit problem for regjeringa.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar