tirsdag 23. november 2010
Helse Vest: Foreslår "alternativ modell" for Helse Førde
HELSE VEST, 23. NOVEMBER 2010 Administrasjonen i Helse Vest føreslår ein alternativ modell for organiseringa av spesialisthelsetenesta i Helse Førde. Den inneber vidareføring av lokalsjukehusa i Nordfjord og Lærdal med tilpassa akuttfunksjonar og sengepostar som gir eit indremedisinsk tilbod med 15 senger. Styret i Helse Vest behandlar saka 1. desember.
- Den nye modellen skal sikre at pasientane i Helse Førde får ei spesialisthelseteneste som er i tråd med nasjonale faglege og politiske krav, som sikrar robuste fagmiljø og ein berekraftig helseføretaksøkonomi som gir moglegheit for tilstrekkjeleg vedlikehald og investeringar, seier administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest.
Han legg til at modell 1 slik den er vedteken av styret i Helse Førde er god både fagleg, økonomisk og med berekraftig utvikling.
- Men Helse Vest legg til grunn at modellen ikkje er mogleg å gjennomføre i tråd med dei styringssignala som er mottekne.
Slik er tilbodet ved sjukehuset på Eid tenkt:
- sengepost med indremedisinsk tilbod med 15 senger
- 15 pleiestillingar
- minimum fire overlegar
- eitt vaktsjikt utført av overlegar (spesialistar)
- sengeposten skal vere ein del av spesialisthelsetenestetilbodet med klar ansvarsfordeling mellom desse sjukehusa og sentralsjukehuset
- framleis sterk ambulanseteneste
- medisinske støttefunksjonar med radiologi med radiograf på dagtid og vakt på kveld/natt/helg. Det er lagt inn laboratorium med bioingeniør kvardagar kl. 8-22.
- Polikliniske tilbod innan fleire fagområde
- Poliklinikk for svangerskapsomsorg
- Etablere eit samarbeid om fødetilbod med Helse Midt-Noreg og flytte all fødeaktivitet til Volda sjukehus.
- Eit samarbeid over regionsgrensene med samanslåing med Volda vil gjere fødetilbodet føreseieleg og robust, både med omsyn til å skapa tryggleik for gravide og fødande i regionen og for å kunne nå dei nye kvalitetskrava, seier Herlof Nilssen.
Ei samanslåing av desse to fødeavdelingane er i erkjenninga av at det ikkje er realistisk å oppretthalde begge dei to avdelingane, særleg gjeld dette rekruttering av gynekologar.
- Men dersom kommunane i Nordfjordregionen og Helse Førde heller ønskjer ei jordmorstyrt fødestove ved Nordfjord sjukehus, så er Helse Vest innstilt på å leggje til rette for det, seier Herlof Nilssen.
Slik er tilbodet ved Lærdal sjukehus tenkt:
- sengepost med indremedisinsk tilbod med 15 senger
- 15 pleiestillingar
- minimum fire overlegar
- eitt vaktsjikt utført av overlegar (spesialistar)
- sengeposten skal vere ein del av spesialisthelsetenestetilbodet med klar ansvarsfordeling mellom desse sjukehusa og sentralsjukehuset
- framleis sterk ambulanseteneste
- medisinske støttefunksjonar med radiologi med radiograf på dagtid og vakt på kveld/natt/helg. Det er lagt inn laboratorium med bioingeniør kvardagar kl. 8-22.
- Overgangsordning med ortopedisk sengepost med ein kapasitet primært for å avlaste Førde sentralsjukehus med å dekkje behovet til befolkninga i Sogn og Fjordane dersom dette blir nødvendig. I tillegg er det lagt inn noko kapasitet knytt til gjestepasientar på om lag 30 prosent av dagens nivå. Noko av aktiviteten som i dag blir utført på Nordfjord sjukehus og ved Førde sentralsjukehus kan i tilfelle utførast ved Lærdal sjukehus i ein overgangsperiode.
- Polikliniske tilbod innan fleire fagområde.
- Poliklinikk for svangerskapsomsorg
- Den forsterka fødestova i Lærdal blir avvikla. Tilbodet for dei fødande i Indre Sogn blir etter dette ved Førde sentralsjukehus og ved fødeavdelinga på Voss.
- Ei jordmorleia fødestove er avhengig av vilje og ønskje om å oppretthalde eit lokalt tilbod. Det er i dag ingen ønske om jordmorstyrt fødestove verken frå jordmødrer eller dei lokale fastlegane, seier Herlof Nilssen.
Dette er hovudinnhaldet i forslaget frå administrasjonen i Helse Vest. Styret skal behandle saka i styremøte 1. desember.
• Les saka på Helse Vest sine sider ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar