mandag 1. november 2010

"Lokalsjukehus - tryggheit frå vogge til grav"


PORTEN.NO "Lokalsjukehus - tryggheit frå vogge til grav". Dette var berre ein av parolane utanriksminister Jonas Gahr Støre vart møtt med då han kom til Øvre Årdal måndag. Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus sa folk var grundig lei ulne formuleringar uklåre løfte og mangel på presiseringar frå regjeringa. Ho etterlyste politisk styring av sjukehusstrukturen.

Utanriksministeren var invitert til industribygda av Årdal Arbeiderparti til omvisning på Hydro, og samtalar med den den politiske leiinga i kommunen og fagrørsla. Før Gahr Støre gjekk inn på verksområde vart han møtt av aksjonistar som kjempar mot nedlegging av fødetilbodet, og det dei kallar ei demontering av Lærdal sjukehus.

Om lag 200 personar var møtt fram for delta i markeringa, før utanriksministeren kom var det både musikalsk underhaldning og allsong utanfor Porten i Øvre.

Jonas Gahr Støre vart møtt av Bente Øien Hauge og Siv Enerstvedt i Forsvar Lærdal sjukehus. Hanne Hestetun og Synnøve Askeland heldt deretter korte appellar om kvifor det er så viktig å ha eit lokalsjukehus i Lærdal.

Fryktar demontering
Bente Øien Hauge var glad for å få lov til å snakka direkte til Regjeringa, her representert ved Jonas Gahr Støre. Leiaren i forsvar Lærdal sjukehus snakka fyrst om fødetilbodet Helse Førde har gjort vedtak om å leggje ned. Og om frykten folk har for at dette berre er starten, at også resten av sjukehuset er under demontering. Vidare spurde ho kva det eigentleg betyr når Regjeringa lovar at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, og at me skal ha nærleik til akutt- og fødetilbod.

- Me er grundig lei av ulne formuleringar, uklåre løfte og mangel på presiseringar, sa Bente Øien Hauge. Og hadde med seg ein feiekost som gåve til utanriksministeren.

- Den kan brukast til å kosta vekk alle ulne formuleringar om kva den raudgrøne regjeringa meiner om lokalsjukehus, den kan brukast til å feie bort all usikkerheit om framtida for sjukehuset vårt. Men vert den ikkje brukt riktig kan den snu seg mot eigaren. Då kan ein risikere at den feiar den raudgrøne Regjeringa ut av kontora, sa Bente Øien Hauge.


Best mogleg helsetilbod
Jonas Gahr Støre takka for at så mange ville møte han, og sa det ikkje var vanskeleg å forstø det glødande engasjementet for lokalsjukehuset.

- Eg vil likevel understreke at det er ingen i Regjeringa som driv med ulne formuleringar. Bodskapen vår er at alle i heile landet skal ha eit best mogleg helsetilbod, og eg håpar den vert høyrt, sa Jonas Gahr Støre før han hasta til vidare til møte og omvisning på Hydro.

• Les saka på Porten (og sjå fleire bilete) ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar