tirsdag 23. november 2010

Slutt for fødslar i Lærdal


SOGN AVIS Helse Vest innstiller på avvikling av den forsterka fødestova.

– Ei jordmorleia fødestove er avhengig av vilje og ønskje om å oppretthalde eit lokalt tilbod. Det er i dag ingen ønske om jordmorstyrt fødestove verken frå jordmødrer eller dei lokale fastlegane, seier Herlof Nilssen, til Helse Vest sine heimesider.

Helse Vest skal ha styremøte 1.desember der skal handsama framtida til lokalsjukehusa i fylket. I dag kom innstillinga og slik har dei tenkt tilbodet ved Lærdal sjukehus:

Sengepost med indremedisinsk tilbod med 15 senger

-15 pleiestillingar

-minimum fire overlegar

-eitt vaktsjikt utført av overlegar (spesialistar)

-sengeposten skal vere ein del av spesialisthelsetenestetilbodet med klar ansvarsfordeling mellom desse sjukehusa og sentralsjukehuset

-framleis sterk ambulanseteneste

-medisinske støttefunksjonar med radiologi med radiograf på dagtid og vakt på kveld/natt/helg. Det er lagt inn laboratorium med bioingeniør kvardagar kl. 8-22.

-Overgangsordning med ortopedisk sengepost med ein kapasitet primært for å avlaste Førde sentralsjukehus med å dekkje behovet til befolkninga i Sogn og Fjordane dersom dette blir nødvendig. I tillegg er det lagt inn noko kapasitet knytt til gjestepasientar på om lag 30 prosent av dagens nivå. Noko av aktiviteten som i dag blir utført på Nordfjord sjukehus og ved Førde sentralsjukehus kan i tilfelle utførast ved Lærdal sjukehus i ein overgangsperiode.

-Polikliniske tilbod innan fleire fagområde.

-Poliklinikk for svangerskapsomsorg

-Den forsterka fødestova i Lærdal blir avvikla. Tilbodet for dei fødande i Indre Sogn blir etter dette ved Førde sentralsjukehus og ved fødeavdelinga på Voss.

• Les saka og kommentarane i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar