mandag 1. november 2010

Gahr Støre var møtt med krasse krav frå sine eigne


NRK SOGN OG FJORDANE Utanriksminister Jonas Gahr Støre kom til Årdal i dag, og vart møtt med krasse krav frå sine eigne.

Partiveteranar truga nemleg med å levere inn æresmedlemskapene sine dersom lokalsjukehusa ikkje består. Dei meiner partiet sit med nøkkelen i sjukehusstriden og krev at lokalsjukehusa må bergast.

Vil levere inn partibøkene
Harald Lægreid har vore medlem av Det norske Arbeiderpari i ein mannsalder og er ein av dei som no trugar med å melde seg ut.

Sjukehuset i nabokommunen Lærdal er eitt av kring 15 lokalsjukehus landet rundt som er truga.

– Dersom Lærdal sjukehus blir lagt ned, kjem eg rett og slett til å levere inn mine partibøker og diplomen som eg fekk for mine 63 år som medlem, seier Lægreid.
– Det ser ikkje ut som det er andre ting som virka på dei, og eg meiner at fleire bør stå fram og gje klar beskjed, seier Lægreid.

Engasjerte sogningar marsjerte i dag for lokalsjukehuset sitt då Arbeiderpartiet sin mest populære statsråd kom på besøk.

Fekk møte ministeren på tomannshand
Lægreid var klar i talen då han fekk snakke med ministeren på tomannshand, og Gahr Støre lytta med store øyre:
– Bodskapet er klart. Eg forstår, sa Gahr Støre til Lægreid.

– Kan du ta det med tilbake til dine?
– Ja, det skal eg gjere.

Vart skulda for å vere ullne
I industribygda Årdal har Arbeidarpartiet over 70 prosent av røystene. Når grasrota varslar distriktsopprør, må partifolka frå Youngstorget lytte.

Sjukehusforkjempar Bente Øien Hauge skulda regjeringa for å vere ullne i formuleringane deira, og å krevde at dei raudgrøne snart må seie kva dei meiner om lokalsjukehusa.

– Eg godtek det begrepet. Men eg vil også seie at ingen ønskjer å vere ullne, men når det er store og krevjande avgjerder som skal takast må ein ta den tida som trengst, seier Gahr Støre til NRK.no.

• Les denne og relaterte saker på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

• NB! REPORTASJEN FRÅ DEMONSTRASJONEN LIGG OGSÅ PÅ SAMME SIDE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar