fredag 12. november 2010

– Rom for fødeavdeling både i Eid og Volda


FJORDABLADET – Eg er svært glad for at Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF, har innsett at det må vere fødetilbod mellom Ålesund og Førde. Den aller beste løysinga vil vere å etablere eit samarbeid mellom fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus og Volda sjukehus.

Dette seier Sonja Edvardsen (Ap), ordførar i Eid, som ikkje er samd med fagdirektør Nils Eriksson i Helse Midt-Norge, som seier at den løysinga ein må jobbe for, og som det er mest realistisk å få til, er ei fødeavdeling for Nordfjord og Søre Sunnmøre lagt til Volda sjukehus.

Samarbeid
Edvardsen viset til eit intervju fagdirektør Nils Eriksson har hatt med Nrk Sogn og Fjordane. I dette intervjuet gjev fagdirektøren i Helse Midt-Norge uttrykk for at ei robust fødeavdeling i Volda vil gje det beste fødetilbodet for dei rundt 700 fødslane i dei to sjukehusa sitt nedslagsfelt. Vidare seier han at det ikkje er realistisk med fødeavdeling ved begge sjukehusa. Fagdirektøren tek også til orde for at det bør vere mogeleg for legar på Nordfjord sjukehus å kunne pendle til Volda.
– Etter mitt syn bør fagdirektøren i Helse Midt-Norge løfte blikket og sjå ut over sitt eige område og sjå moglegheitene som ligg i eit samarbeid mellom sjukehuset i Volda og Nordfjord sjukehus, seier Edvardsen og viser til at det i dag er fire gynekologar ved Volda sjukehus og tre ved Nordfjord sjukehus.
– Det ligg såleis svært godt til rette for eit vaktsamarbeid mellom dei to fødeavdelingane, seier ho og legg til at dette også er ei løysing som har blitt peika på av jordmødrene i Nordfjord og av Arne Järnbert, gynekolog ved Nordfjord sjukehus.

Livets rett
– Det bør vere ei pendling begge vegar. Det er no på tide at ein innser og tek inn over seg at fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus er svært viktig for dei fødande på kysten, som vil få mest like lang veg til Volda som til Førde. Vidare at fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus er viktig for å oppretthalde eit fullverdig lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar for befolkninga i Nordfjord. Det er også slik at det framtidige fødetilbodet i regionen skal leggast i samarbeid mellom berørte kommunar og helseføretak. Vi krev difor at ein tek omsyn til det Nordfjordrådet har sagt og det fagmiljøa i Nordfjord har både sagt og skrive, seier Sonja Edvardsen.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar