søndag 10. oktober 2010

Drabløs (FrP): Krev skriftlege møtereferat

FJORDABLADET Framstegspolitikar Lars-Svein Drabløs krev at det vert lagt fram skriftlege referat frå møte mellom lokalpolitikarane i Nordfjord og departementet.

– Eg registrerer at det ordførarane i Eid og Stryn har avtalt nytt møte med helse- og omsorgsdepartementet. Eg har ingen ting å utsette på at det vert halde møter, men eg meiner at det no er på tide at det blir lagt fram eit skriftleg referat frå møta, underskrive av begge partar, slik at vi kan få eit innblikk i kva ein har blitt einige om og kva som blir lova frå departementet, seier Lars-Svein Drabløs (Frp) som meiner dersom det ikkje vert lagt fram skriftleg informasjon frå møter mellom ordførarar og departement, så minner det heile mykje om politisk brannsløkking.

Ordførar Sonja Edvardsen seier i ein kommentar at ho ikkje har motførestillingar til det Drabløs krev.
– Eg ser heilt klart poenget til Drabløs, og vi burde nok også lagt fram skriftlege referat frå dei møte som allereie har vore, seier Edvardsen.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar