lørdag 16. oktober 2010

Møter departementet


SOGN AVIS Bente Øien Hauge møter helse- og omsorgsdepartementet kommande måndag for å overbringa høyringsuttalen.

– Me har rett og slett bede om eit hastemøte med departementet som følgje av dei mange reaksjonane me har fått, både frå Sogn, Nordfjord, Stord og Odda, seier Øien Hauge som møter som koordinator for Folkebevegelsen for lokalsjukehusa.

Rask respons
Ho skal saman med tre andre frå folkebevegelsen møta statssekretær Robin Martin Kåss og representantar for embetsverket, og vil komma til å nytta høve til å gå gjennom ein del av punkta i høyringsfråsegna med ham.
– Eg reknar ikkje med lovnader, det får ein aldri i slike samanhengar. Men eg tok kontakt og bad om eit møte og fekk respons alt dagen etter, der me vart tilbydde møtetid på ei vekes varsel. Eg tolkar det som eit signal om at dei er interesserte i å lytta til oss, seier Øien Hauge.

Lagnadstid
Ho seier det er ein avgjerande periode lagnaden for lokalsjukehusa er inne i, ettersom Nasjonal helseplan vert utarbeidd på overtid, og fleire av partia på Stortinget har signalisert at dei vil ta attende den politiske kontrollen med sjukehusstruktur.
– Då vil slike avgjerder som den Helse Førde no prøver å få gjennomført, bli handsama på eit høgare nivå og sett i samanheng med Nasjonal helseplan. Det er tydeleg at stadig fleire ser at føretaksmodellen ikkje er den rette, også i Arbeiderpartiet, seier aksjonsleiaren.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar