fredag 29. oktober 2010

Leiar i Firda Tidend: Heilt sjukt


LEIAR I FIRDA TIDEND Bjørn Grov, 29.10.10

Dette landet er i ferd med å bli sentralisert av hengslene. Det ser mest ut som ein kollektiv galskap der sterke krefter meir enn nokon gong arbeider for å få stua mest mogeleg folk saman på færrast mogeleg plassar.

Då snakkar vi ikkje berre om kommunar med minimum 20.000 innbyggjarar, og den reinhekla trakkaseringa både statlege embetsfolk og politikarar har drive med overfor mindre kommunar rundt om i landet i det siste. Har dei vore ute i den verkelege verda? Dei hevdar til og med at dette er god samfunnsøkonomi, og at det er bra for folk. Det er knapt til å tru i eit land der verdiskapinga basert på reelle verdiar som ligg ute i distrikta, i område som dei no i praksis vil tøme for folk.

Og vi er slett ikkje betre i vårt eige fylke. Her har vi mellom anna Helse Førde! Dei durar fram som elefantar i glasbutikken og er i ferd med å sprengje fylket i filler, akkurat slik vi har frykta. Dei snakkar mykje om kompetanse i samband med at dei no vil legge ned fødeavdelinga i Nordfjord og den forsterka fødestova i Sogn. Men kva slags helsefagleg og leiarkompetanse er det i toppleiinga i Helse Førde? Og er det ikkje rein manipulering når ein til dømes i arbeidet med fødetilbod, ikkje brukar tilbodet ein har i dag, men set ei fødestove på Nordfjordeid opp mot ein kvinneklinikk i Førde? Det er naturlegvis som å spørje om du vil hengast eller skytast.

Vi har frå første dag det var snakk om å organisere sjukehusdrifta i helseføretak vore skeptiske på prinsipielt grunnlag. Vårt syn har i alle fall ikkje vorte svekka på det området. Helseføretaka framstår som eit demokratisk misfoster, som har avla fram eit høgt gasjert byråkrati og feite styreverv for meir eller mindre avdanka politikarar, som ikkje står til ansvar verken for folket dei skal tene eller politiske organ valde av folket. Dette er svært uheldig og det fungerer ikkje. Det var langt betre då det enkelte sjukehus hadde ansvar for sitt eige budsjett. Andre land som har prøvt det same, hadde vit nok til å forlate heile modellen kjapt. Men i vårt kongelege Ap og i Høgre er politisk prestisje det aller viktigaste, FrP som også var med på modellen, har snudd og vil ha vekk heile helseføretaka. Det skal dei ha ros for.

Den striden som no har teke heilt av i fylket er svært alvorleg, det sinnet og den frykta vi registrerer i bygdene nord for Nordfjorden og i indre Sogn, har vi alle i fylket ei plikt å ta på alvor. Den nedlatande haldninga og arrogansen vi har sett overfor lokalsjukehusa i sentrale deler av Helse Førde, opprører mange, ikkje minst dei som har hatt glede av topp fagleg behandling på dei respektive sjukehusa.

Og det er klart at det er fint med ein stor kvinneklinikk, eller eit litt større sjukehus. Men det hjelper lite om du har stroke med på vegen. Og har du først berga livet, vil du helst nytte den aller fremste kompetansen, som du finn på dei verkeleg store universitetssjukehusa. Det er mange som lever i dag som er fødd på stovelemmen med ei jordmor til stades, det gjekk stort sett bra det også. Sidan det har fødetilbodet ved sjukehuset i Nordfjord vore svært, svært omtykt, og ikkje minst er det nært og for mange har det vore livbergande. Det er mange sanningsvitne på dette.

Vi ser at sterke krefter, meir enn nokon gong, arbeider for å samle omtrent alt som finst av interesse i fylket i Førde. Det går like dårleg for fylket, som det gjer for landet å samle alt som finst av interesse i Oslo. Nokon må stoppe dette! Det er heilt sjukt!

• Les leiaren i Firda Tidend ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar