tirsdag 5. oktober 2010

Helse Vest: Kraftig satsing på helse i framlegget til statsbudsjett


HELSE VEST - Framlegget til statsbudsjett vil gi eit godt løft for spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Totalt skal 930 millionar kroner fordelast mellom regionane, seier konstituert kommunikasjonsdirektør i Helse Vest RHF, Elisabeth Huse.

Dei 930 millionane som skal fordelast mellom dei fire helseregionane kjem som følgje av ein venta aktivitetsvekst på 1,4 prosent i 2011. Pengane vil bli fordelte mellom regionane etter inntektsfordelingsmodellen. Helse Vest arbeider no med å sjå på korleis potten Helse Vest får skal fordelast mellom helseføretaka i regionen.

- Det er framleis for tidleg å seie kor mykje av denne potten som vil gå til dei ulike helseføretaka våre, men vi vil leggje den nye inntektsmodellen til grunn for fordelinga. No har vi jo fått meir pengar i potten, så slik sett vil alle helseføretaka våre komme godt ut av det, seier Huse.

Forslag til fordeling mellom helseføretaka vil bli lagt fram for styret i Helse Vest i løpet av hausten.

• Les hele saken på Helse Vests sider ved å klikke her eller på overskriften

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar