søndag 10. oktober 2010

Nordfjordrådet: - Kan ikke vente lenger


FJORDENES TIDENDE Det siste brevet som Nordfjordrådet har sendt til helsestatsråden er formulert på ein måte som ikkje kan misforståast.

Ordlyden i brevet, som blei sendt til helse- og omsorgsdepartementet og til statsråden Anne-Grete Strøm-Erichsen denne veka, er mykje meir konkret og bestemt enn brev som Nordfjordrådet tidlegare har sendt til same adressa. Samanlikna med tidlegare brev er innhaldet denne gongen spissa i reint formulerte krav. Også tittelen ber bod om ei anna tilnærming, og lyder «Krav frå Nordfjordrådet om at den pågåande nedlegginga av Nordfjord sjukehus vert stogga.».

Vidare blir det skrive at Nordfjordrådet forventar ei langt sterkare politisk styring i tråd med statlege styringsdokument og forsikringar frå regjeringa om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Nordfjordrådet ber også på det sterkaste om at regjeringa grip inn og stansar den nedlegginga som no skjer - ein prosess som skjer utan eit vedtaksgrunnlag på regjeringsnivå.

Leiar i Nordfjordrådet, Gunn R. V. Helgesen, stadfestar at begeret no er fullt for Nordfjordrådet.

- Vi har ikkje tillit til at prosessane som blir køyrde i Helse Førde er reelle, eller at resultatet er reelt. Det er berre å sjå på mandat og premissar i strategiprosessen. Resultata kjem ut som ønska fordi dei er bestilte på førehand, seier Helgesen.

• Les enne saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta
• Les heile saka i papirutgåva av Fjordenes Tidende fredag 8. oktober. Pfd-utgåva får du kjøpt ved å klikke her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar