torsdag 28. oktober 2010

Krev orsaking frå administrerande direktør


NRK SOGN OG FJORDANE - Vi blir dolka i ryggen av leiinga i Helse Førde og krev orsaking, seier jordmor i Eid. Administrerande direktør Vidar Vie nektar å kommentere saka.

- Prosessen var så uryddig. Vi er blitt framstilt som om vi har sagt noko vi ikkje har, seier overjordmor Linda Grotle Hauge i faggruppa for det framtidige fødetilbodet i fylket.

Styremøtet i Helse Førde vedtok sist fredag samrøystes å tilrå nedlegging av fødetilbodet både på Nordfjordeid og i Lærdal. Vedtaket vart mellom anna bygt på ei innstilling frå ei breitt samansett faggruppe, der Grotle Hauge deltok.

Grotle Hauge og to andre medlemmer i faggruppa har aldri gått inn for nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid.
Likevel vart det frå administrasjonen si side framstilt som det var fagleg semje om dette.


- Samla fagmiljø
På bakgrunn av informasjonen frå administrasjonen sa styreleiar Clara Øberg mellom anna følgjande like etter styremøtet:
- Det er eit samla fagmiljø som står bak dette. Også fagmiljø i kommunane.

Grotle Hauge føler seg misbrukt, og er sint og fortvila.
- Dette føler vi at vi ikkje fortente, seier ho.

Også kommunelege i Stryn, Anne Stubdal, som sit i faggruppa, reagerer sterkt på det som har skjedd.

Reagerer sterkt
Ho ønskjer ikkje å la seg intervjue på radio, men fortel at ho heile tida har jobba for at fødeavdelinga på Nordfjordeid bør oppretthaldast.

Grotle Hauge meiner styrevedtaket er gjort på feil premissar.
- Om eg var styremedlem i Helse Førde og skulle ta ei avgjerdsle i ei sak som er så vanskeleg som dette, ville eg forsikra meg om at alle papira med opplysningar som var utdelte på førehand var korrekte.

Grotle Hauge krev ei offentleg orsaking frå toppsjefen i Helse Førde
Administrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde vil ikkje kommentere saka.

• Les saka hjå NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar