onsdag 13. oktober 2010

Nordfjord-lege: Peikar på fleire manglar i områdeplanen

FJORDENES TIDENDE Lege i Vågsøy, Bengt Georén, meiner at områdeplananen for fødselsomsorga i fylket er graverande ufullstendig.

I eit brev til styringsgruppa i Helse Førde med innspel til utgreiinga Områdeplan for svangerskaps-, fødsel- og barselsomsorga i Helse Førde, påpeikar Bengt Georén fleire feil og manglar ved prosessen og styringa frå Helse Førde.

Han peikar mellom anna på kommunane si manglande mulegheit til å delta i prosessen gjennom at det har blitt utnemnt ein regionsrepresentant. Han peikar også på at arbeidsmåten og tidspresset i prosessen ikkje har gitt rom for reell mulegheit for medverking.

Georén er vidare kritisk til at fagekspertgruppa sitt mandat i arbeidet med planen har blitt låst til tre modellar, som alle tar utgangspunkt i modell 1 - som ikkje er godkjend verken av Helse Vest eller helse- og omsorgsdepartementet.

«Det er altså direkte feil av Helse Førde å gi eit mandat for områdeplanen med modell 1 som utgangspunkt», skriv legen.

Vidare meiner Georén at det er direkte oppsiktsvekkjande at mandatet til styringsgruppa ikkje inneheld naturlege alternativ, som bevaring av det eksisterande fødetilbodet på Nordfjordeid. Han er kritisk til at områdeplanen ikkje har sett på fødeavdeling i Førde som eit alternativ.

• Les saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar