mandag 19. april 2010

Anna Kristine Damstuen: Dikt til Helse Førde og Helse-Norge

Etter demonstrasjonen framfor helsedepartementet i Oslo 23. mars, skreiv Anna Kristine Damstuen eit dikt til Helse Førde og Helse Norge. Eg oppfattar dette diktet som eit godt uttrykk for avmakta og fortvilinga svært mange føler i høve til utviklinga i helsevesenet som er prega av effektivisering, økonomiske mål og trugsmål om nedlegging av gode, lokale sjukehustilbod.
Diktet vert attgjeve her på bloggen, med løyve frå Damstuen.


Til Helse Førde og Helse-Norge!

Av Anna Kristine Damstuen, mars 2010


Då landet var fattig dei greidde å bygge
det opp til den standard me har i dag!
So vart me rike og ingen er trygge,
då arbeid og helse får slag etter slag!
Kva tankar har de som sit og styrer; er de reine uhyrer?

No kan de "for tusen" la sjukehusa vera
for kor vil de so av pasientane gjera?
Ein kniv i skinnet - eit sår vert lappa,
men kven vil ha minnet - om dei vert sett på trappa!
Alle skal liggja kortast råd:
Halda deg nedpå mens me finn ein tråd!
Me syr og me bøter i skinn og bein,
ser lite etter om de får mein
- berre de kjem dykk fort heim!

Pengar er "alfa" og kroner "omega".
Opp på beina! Kom dykk or lega!
Eg håpar minister, ja alle på toppen
ein dag får kjenne dette på kroppen.
Då skal eg sitja på taket og gaula
når eigne vedtak de lyt maula!

Det er ikkje bra når dei vert for store,
dagleg ein les om feil DEI gjorde:
Avdelingsstyrar - prosedyrar - og rutinar,
alltid einkvan å skulde det på!
Når kniven glepp - og det er neppe
du overlever i komarus,
då veit en berre: Det vert nok verre;
snart torer ingen på "store hus"!

De mao no ikkje vera so galne i hove',
det er mest so ein ikkje faor sove!
For no har det klikka for dei som veit mest,
og Helse Førde dei helde fest,
spesielt innbedne Bolstad og Clara
som ynskjer at fogderiet skal vara!

Når skreda rasar i fjorden ved Kjøsnes
og skyer og skodda på himmelen heng,
null ambulanse i full fres - null helikopter om det me treng!
På kontoret sit direktør og minister - og føl sine lister;
for dei bestemmer kor hen du skal av!
I fjellvetets regel der står det so fint: Det er ingen skam å snu.
So no er eg vorten skikkeleg sint: - for dette er ikkje til å tru,
at alt so fungera so inderleg bra - må me for all del IKKJE HA!

Me reiste til Oslo - på Stortingsplassen,
og fortalde dei vise om "fjordatrassen"
Me trudde på deg som vestlending var,
korleis kunne du vere so hard?
At du som dei andre, no er å klandre!
Kvar blir det av sympati, tanke på helse
når kun direktører er verdt å frelse?
Nei, lat oss rive dei alle i håret, strø salt i såret
- og la dei ligge på gangen ut dette året!
Kvifor må verdas rikaste land,
spinka og spara kvar meinig mann,
mens de dela ut i bytter og spann!

Kvifor skal ungdommen kome til bygda;
alle som er der er mogeleg trygda.
Skule og sjukehus har de lagt ne'
- dermed de tvinga oss alle i kne!
Set foten ned og HALD FRED!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar