onsdag 28. april 2010

No kjempar LO for lokalsjukehusa


NRK SOGN OG FJORDANE Landsorganisasjonen i Norge (LO) melder seg på i kampen om lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

- LO sin fylkeskonferanse i Sogn og Fjordane er klar på at vi skal ha eit godt utbygt helsetilbod, med sentral- og lokalsjukehus som ivaretek behova for viktige og naudsynte behandlingstilbod for innbyggjarane, heiter det i ei pressemelding frå LO etter fylkeskonferansen på Skei.

Ser helsetenestene som viktige
På konferansen vedtok LO i Sogn og Fjordane ein samrøystes uttale i sjukehusstriden, der dei ser helsetenestene som nokre av dei viktigaste velferds-og tryggleiksfaktorane for folk i fylket.

Vidare heiter det:
«Eit sterkt sentralsjukehus med eit robust fagmiljø må vere ein berebjelke i sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane. Dette er heilt avgjerande om vi skal kunne sikre opplæring og rekruttering til heile helsesektoren i fylket. Dei andre berebjelkane er lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid. Ved lokalsjukehusa må ein ivareta akuttfunksjonen og fødetilbod samt legge til rette for tenester til dei store pasientgruppene slik som kronikarar, pasientar med rehabiliteringsbehov og liknande.»

- Treng investeringar
LO er sterkt urolege for mangelen på investeringar i nytt medisinsk utstyr ved sjukehusa. Organisasjonen meiner ei slik utvikling vil kunne føre til dårlegare kvalitet på tenestene, noko som igjen kan skape usikkerheit og dårlegare behandling ved sjukehusa.

- Vi ser det som svært viktig at Helse Førde kjem i ein økonomisk situasjon der at naudsynte investeringar kan bli utført i takt med den teknologiske utviklinga, heiter det i pressemeldinga.

- Vi ser på ambulansetenesta som det viktigaste akuttmedisinske tilbodet til innbyggjarane våre. Denne tenesta må ikkje verte forringa, men utviklast vidare slik at tryggleiken vert best mogleg, skriv LO.

- Fred viktig for dei tilsette
Ifølgje pressemeldinga krev LO i Sogn og Fjordane at regjering og storting aukar løyvingane til helseføretaka.

Organisasjonen understrekar dessutan at for dei tilsette er det viktig og heilt naudsynt at det blir fred rundt sjukehusa.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar