torsdag 22. april 2010

Kommunane i Nordfjord: - Ikkje berekraftig utvikling av helsetenestene


FJORDABLADET – Modellvalet som Helse Førde legg fram kjem som ein konsekvens av den økonomiske situasjonen til helseføretaket og ikkje som eit resultat av ei grundig utgreiing av ei berekraftig utvikling av helsetenestene i Sogn og Fjordane.

Dette skriv kommunane i Nordfjord i ein felles høyringsuttale til Helse Førde sitt strategidokument. Regionrådsleiar Gunn Helgesen, kunne under sjukehusmøtet i Operahuset opplyse at Nordfjord-kommunane har kome til semje om ein felles uttale.

- Eg er veldig glad for at vi greidde å kome fram til ei felles tekst i fråsegna, og at Nordfjordrådet står samla i denne viktige saka. Det er tyngde i ein felles uttale frå alle kommunane, sa Helgesen til Fjordabladet.
– Svært mange av dei endringane som det er gjort framlegg om bryt med både regjeringa sitt Soria Moria-erklæring og tidlegare saker som er omtala i saker som har blitt behandla og vedtekne i regjering og Storting, sa Gunn Helgesen under sjukehusmøtet i operahuset sist måndag.

Her presenterer vi ein del utdrag frå Nordfjordkommunane sitt høyringssvar til Helse Førde sin strategiplan

Politisk uttale frå Nordfjordkommunane
• Høyringsdokumentet stettar ikkje krava til dokumentasjon, konsekvensutgreiingar, og analyse som ein må kunne forvente, før ein tek avgjer i ei så viktig sak som dei framtidige helsetenestene til innbyggarane i Sogn og Fjordane. Dette underbygger vi ved å vise til vedlegg frå ulike kompetansemiljø.
• Modellvalet som Helse Førde legg fram kjem som ein konsekvens av den økonomiske situasjonen til helseføretaket og ikkje som eit resultat av ei grundig utgreiing av ei berekraftig utvikling av helseteneste i Sogn og Fjordane.
• Staten er sjukehuseigar og regjeringa må gjennom ein nasjonal helse - og omsorgspolitikk sikre befolkninga i distrikta nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod.
Det må i verk settast tiltak for å sikre den noverande sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane.
• Sogn og Fjordane må få tilført tilstrekkeleg økonomiske ressursar til å yte spesialisthelseteneste ut frå behovet for å gje innbyggarane i heile fylket eit likeverdig og trygt sjukehustilbod.

Nordfjordrådet om nasjonale styringsdokument
Slik Nordfjordrådet oppfattar den politiske plattforma Regjeringa gjekk til val på, er gjennomføring av Helse Førde sin modell 1 i strid med denne. Framlegget er også i strid med Nasjonal Helseplan og st.prop. nr 59. Desse dokumenta skal sikre ei god politisk styring av helseføretaka, og det kan ikkje aksepterast at eit føretakstyre skal kunne omgjere lokalsjukehus til lokalmedisinske senter, fjerne akuttfunksjonar og legge ned fødeavdelinga. Dette er heil klart eit politisk ansvar. Dette er store strukturendringar som må leggast fram for regjering og storting til avgjer.

Nordfjordrådet om Samhandlingsreforma
Utan at samhandlingsreforma er vedteke, ligg reforma inne som ei tung føring og føresetnad i Helse Førde sitt val av modell. Dette er i tillegg gjort utan å kommunisere det med dei involverte kommunane. Det er uomtvisteleg opp til kommunane sjølve å organisere sitt eige arbeid innanfor helse ut frå lokalpolitiske prioriteringar og prinsipp. Slik forslaga i samhandlingsreforma ligg føre i dag, skal nye oppgåver som vert overført til kommunane finansierast av midlar frå dei regionale helseføretaka. Innsparingane som Helse Førde legg til grunn i sitt modellval, er difor utan dokumentert grunnlag.

Nordfjordrådet om økonomiske analyser
Helse Førde har ikkje lagt fram grundige økonomiske analyser som syner kva aktivitetar som skal takast bort for å redusere produksjonen med sju prosent og dei eventuelle økonomiske innsparingane og konsekvensane av dette.
Sogn og Fjordane vil ha eit auka behov for spesialisthelseteneste dei neste 20 åra jamført SSB sin base for befolkningsframskrivingar. Forslaget om å redusere tenestene vil då stå i sterk kontrast til det reelle behovet innbyggarane i Sogn og Fjordane vil ha for sjukehustenester framover. Det er ikkje rekna på kostnad knytt til gjestepasientar ut av fylket, konsekvensar av større pasientlekkasje frå helseføretaket, auka transportkostnader, oppgradering av ambulansetenesta, omstillingskostnader og store investeringskostnadar ved sentralsjukehuset. Endringar av ein slik karakter må konsekvensutgreiast og det må utarbeidast risiko- og sårbarheitsanalyse.

Nordfjordrådet om Sentralsjukehuset
Nordfjordrådet er samde om at det er trong for eit sjukehus med sentralsjukehusfunksjonar i fylket ,som stettar behovet til store sjukdomsgrupper. Nordfjordrådet meinar at konsekvensane av modell 1 vil svekke pasientgrunnlaget ved FSS. Dette vil igjen påverke driftsgrunnlaget og økonomien ved Sentralsjukehuset, og det kan etter kvart verte eit spørsmål om trongen for eit eige helseføretak i Sogn og Fjordane. Med bakgrunn i grunngjevingane som ligg føre, har Nordfjordrådet desse merknadane/ krava:

Manglande avklaringar av oppgåvefordeling
Det ikkje er haldbart at HF konkluderer så kategorisk som dei gjer når det gjeld endring av oppgåvefordelinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunane. Så lenge Samhandlingsreforma ikkje er vedteken, er det heller ikkje avklart kva som skal vere kommunale oppgåver og kva som skal vere spesialistoppgåver. Vidare er det ikkje avklart kva økonomiske utfordringar dette vil gje korkje for spesialisthelsetenesta eller kommunane. Signala som er gjevne til no, er at det skal flyttast på økonomiske ressursar for at kommunane skal kunne ta sin del av ansvaret for oppgåvene. Statlege styresmakter må difor først avklare kven som skal løyse dei ulike oppgåvene - og korleis desse skal finansierast - før Helse Førde kan leggje premissar frå Samhandlingsreforma inn i sin strategi 2020.

Nordfjordrådet om fødetilbod
Når det gjeld fødetilbodet, meiner faggruppa at tryggleik og kvaliteten på tilbodet er avgjerande. Gruppa vil likevel hevde at det er uråd å sjå på kva oppgåver som kan overførast til andre helseføretak, før det har vore ei vurdering av og reelle drøftingar mellom føretaka slike ordningar. Ei sak er drøftingar internt i Helse Vest (Voss), noko anna er om oppgåver skal overførast til ein annan helseregion (Volda). For innbyggjarar og fagmiljø er det særs viktig at dette vert avklart. Også økonomisk er det viktig med ei avklaring. HF sin økonomi vil verte påverka av kvar kvinnene i Nordfjord vil velje å føde.

Nordfjordrådet om rus og psykiatri
Strategidokumentet har ikkje vurdert samanhengen mellom somatisk sjukehus og psykiatriske tenester/DPS/rus. Psykiatriske tenester har også behov for støttetenester (t.d. ECT-behandling, behandling for forgiftingar, laboratorietenester). Det er viktig at dette vert teke med i vurderingane av eit heilskapleg tilbod.

Nordfjordrådet om evaluering og læring
Evalueringa av erfaringane med omlegging av Florø sjukehus til distriktsmedisinsk senter er ikkje tekne med. Heller ikkje erfaringane med felles sengepost med kommunane Flora og Bremanger. Korleis følgde HF opp i desse omleggingsprosessane? Erfaringane i høve til kva som gjekk bra, kva som ikkje fungerte og kva ein kunne gjort annleis, ville vore nyttige i høve ein ny planprosess. Det er viktig å lære av tidlegare erfaringar, jf. at Helse Førde hevdar at dei er ein lærande organisasjon (kap. 3.4).

Nordfjordrådet om samfunnsperspektivet - næring
Utvikling av dei somatiske sjukehusa har stor betyding for befolknings- og næringsutvikling meir generelt. Sjukehustilbod vil kunne ha avgjerande betyding for at arbeidsplassar og næringsverksemd vert oppretthaldne og for lokalisering av ny næringsverksemd. I tillegg er sjukehusverksemd basisarbeidsplassar som indirekte bidreg til å halde oppe anna lokal næringsverksemd. Framlegga i modellane opererer med ei nedbygging av arbeidsplassar i størrelsesorden 250 til 300 basisarbeidsplassar. Med indirekte verknader og at det er fleire i familiar som vil miste sine arbeidsplassar, kan dette utløyse reduksjonar i folketal som kan fire-/femdoblast. I tillegg vil regionane bli mindre attraktive for lokalisering av arbeidsplassar og næringsverksemd. Med nedlegging av sjukehuset på Eid vil Nordfjord ha same del som HAFS med statlige arbeidsplassar. For sterke næringslivskommunar med relativt få offentlege arbeidsplassar, slik som Stryn og Vågsøy, er alternative arbeidsplassmogelegheiter i nabokommunane av enormt stor verdi for å kunne rekruttere nøkkelpersonar til næringslivet.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar