onsdag 7. april 2010

Sjukehusstriden skakar regjeringa


NRK SOGN OG FJORDANE Sjukehusdebatten som kjem i fylkestinget litt seinare i dag, har fått rikspolitikken som eit sterkt bakteppe. Konflikten kan yttarste konsekvens velte heile regjeringa.

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete krev at helseministeren frå Arbeidpartiet må stogge dei føreslåtte endringane ved lokalsjukehus landet over.

I fylkestinget som er samla i Sogndal i dag, skal politikarane kome med sitt råd til Helse Førde som har foreslått å gjere lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal om til lokalmedisinske senter.

Navarsete vs Strøm-Erichsen
Og striden i regjeringa påverkar i stor grad debatten som fylkespolitikarane rapporterer NRK Sogn og Fjordane sin politiske kommentator, Eldgrim Fossheim, frå Fylkestinget.

– I høgste grad påverkar striden i regjeringa, og spesielt i Ap og Sp. Det Liv Signe Navarsete har gjort i dag, ved å gå ut i media og seie at statsrådkollega Anne-Grethe Strøm-Erichsen om å stogge prosessane, er eigentleg ein maktkamp internt i regjeringa. Den starta alt då helseministeren var i Sogn og Fjordane og langt på veg gav støtte til Helse Førde sine forslag, seier han.

Fossheim viser til at Navarsete på banen straks etter helseministeren sitt besøkt i Førde, og sa dette var ikkje så enkelt.

Trugar regjeringssamarbeidet
– No vert denne konflikta og den spenninga som ligg mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet krafti trappa opp på sentralt hald. Eg vil påstå at det er ei konflikt som har kraft i seg, og sprengstoff nok i seg til å kunne felle heile regjeringa, viss den får utvikle seg vidare, trur Fossheim.

Han held fram:
– Med dette bakteppet sit altså Sp og Ap og skal formulere sine tankar om framtidige sjukehus i Sogn og Fjordane. Det blir å vege sine ord på gullvekt for Ap i Sogn og Fjordane må gi ryggdekning og støtte til sin stastråd, Senterpartiet må formulere seg slik at dei gir støtte til sin partileiar. Dermed blir partia på fylkestinget ein del av kampen, langt meir enn dei blir ein høyringsinstans for Helse Førde.

– Umogeleg
At onsdagens helsedebatt i Fylkestinget ender med eit klart fråsegn til Helse Førde, trur ikkje Fossheim noko på.

– Det er heilt umogleg, det mange håpte på, at Sp og Ap skulle bli samde om ei fråsegn. Det ser absolutt ikkje ut til å kunne skje. Her er det snakk om kunsten å ikkje trå skeivt.

Tilrår å støtte Helse Førde
Helse Førde har bede fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane om å gi sitt råd til den planlagde hestekuren som skal frå helseføretaket ut det økonomiske uføret.

Fylkesrådman Jan Øhlchers tilrår politikarane å gå for det som vert omtala som modell 1, altså å leggje ned føde- og akuttfunksjonane i Lærdal og på Eid, for så å gjere lokalsjukehusa om til lokalmedisinske senter.

Då fylkesutvalet var samla tysdag kveld, makta dei ikkje å komme til semje. Betre blir det neppe utover dagen onsdag, når Fylkestinget skal freiste å fatte endeleg avgjerd.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar